Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
VANDRINGSMEDITASJONAR 2007

VANDRINGSMEDITASJONAR 2007 Dei siste tre åra har eg fått høve til å dele vandringstankar på pilegrimsvandring frå Seljord til Røldal.Her ligg vandringsmeditasjonar frå sommaren 2007.

DAG1: SELJORD-MORGEDAL

VÅR FAR I HIMMELEN

Ved Seljord kyrkje ligg onkel Sveinung gravlagt. Ute på kyrkjegarden tenkjer eg på historia om gravferda etter gamle Olav. Presten fortalte om det gode mennesket Olav, men ikkje av dei mest trufaste kyrkjegjengarane. Då kjem det frå ein av sønene; ”Han ville ikkje ha vore her i dag, om me ikkje hadde bore han”. Heller ikkje fyrste gongen går me sjølve til kyrkja, men vert velsigna med vatn. Får eit usyneleg vassmerke på sjela. Vegen mellom vogge og grav er sjølve pilegrimsferda. Så får ein be og vone på ein velsigna veg. Rett mengde salt og søtt, vått og tørt. Onkel Sveinung ville ha vore ein god vegvisar vestover til Røldal. Ingen kunne som onkel peike ut gode vegar i terrenget. Han vart glad når han fekk eit kart i henda, og fekk hjelpe folk med å stikke skogsbilvegar. For å få til ein bra veg måtte ein alltid sjå bak neste sving og over neste topp, sa onkel Sveinung.

Då Olav Haraldssons følge kom oppover bakkane mellom Seljord og Brunkeberg, tok kongen til å tørste fælt, han stansa ved det første vatnet han kom over, grov nevane hardt i mosen og drakk: ” Godt vatn, kommanderte han, ”Drikk”. Kongen drakk mykje for her var svært varmt. Telemarkingane stod og lea seg i vådmålen og undra seg over at kongen ikkje hadde større følge når han fòr rundt i landet.

(Arvid Torgeir Lie)

DAG 2: MORGEDAL-ØYFJELL

LAT NAMNET DITT HELGAST

På vandringa vestover møter me kvar dag nye vegvisarar. Det er eit lite ekko frå Galilea når dei stille stig dei inn i pilegrimsflokken og seier kvardagslig; ”Følg meg ”. Det var slike ord Jesus kalla sine læresveinar med. Då let dei bruk og garn vere, eller la bort hammaren. Dei gamle vegane er ikkje alltid lette å finne. Men vegvisaren er god å gå bak. Trygt følgje. Kjentmannen fortel om støyler og folk langs vegen. Inne i Morgedalsheiane handlar det om diktaren Aslaug Vaa. På støylen Fittjan sprang ho i barndomen før faren gjekk konkurs, og måtte selje eigendomen. Mange av dikta hentar inspirasjon frå naturen. Pilegrimsdagar er i seg sjølv vandring gjennom vakre dikt. Dikt som stemning og lydar, utan at ein må slite med tolkinga og finne meining i alt. Så blir eit kjærleiksdikt til ein trustyrkjande takk til Skaparen, og for ein gongs skuld held tvilen seg unna.

Av di eg veit du er til:
Difor brusar våren
difor brusar bekkene
difor glitrar bårene
difor kvitrar fuglane
difor stråler soli
difor blømer blomane.
Difor lever alt i meg.

(Aslaug Vaa)

DAG 3: ØYFJELL-ÅMOT

LAT RIKET DITT KOMA

Det er mangt ein kan tenkje på langs vegen. Natur og menneske går i eitt. I det eg bøyer meg ned for drikke i ein bekkeos, møter eg eit kjent andlet. Det var ho som ringte og sa ho hadde møtt veggen. No trengte ho nokon å snakke med. På trammen etter samtala spurte eg om ho om ho såg noko dør i veggen. Då såg på meg med sine gode augo: ” I dag vart du døra mi.” Så fint å bli kalla dør. Langs vegen opnast dører av mange slag. Somme av dei er vidopne, andre har trutna rundt karmen, må handsamast forsiktig. Ein og anna har mista nykjelen, og får leita etter han ved seinare høve. Pilegrimar byggjer fellesskap med kvarandre. Deler tankar og opplevingar, og slepp å vera så oppteken av det som skiljer. Himmelen er høg over oss alle. Eg likte godt dikta til raulendingen Olav Flatastøyl, og ein gong vågå eg meg opp til den siste husmannen i Vinje kommune. Presentera meg som diakon, og Olav sa; ”Gildt du kjem, men du må vite at eg er kommunist og fritenkjar.” Slikt kan det bli gode samtaler av.

Eg vil vera ei røyst for dei stumme
Dei ingen legg merke til
Som blir reikna for simple og dumme
Av dei som alt råde vil
Dei som står utanfor ringen
Stengde i krok og krå
Når livsleiken går over tilet
Og berre får stire på.

(Olav Flatastøyl)

DAG 4: ÅMOT-MJONØY

LAT VILJEN DIN RÅDA PÅ JORDA SLIK SOM I HIMMELEN

Etterkvart tek namna til dei andre på vegen til å feste. Me vert til nokon for kvarandre. Tarjei Vesaas har ein figur som heiter Tusten. Han er oppkalla etter ei tørrgran, og står ellers litt på utsida av bygdesamfunnet. Ein dag møter Tusten ein granne som ber han om ta på seg noko vedarbeid. Mannen kallar han med døypenamnet Mattis, og Mattis får ein identiet,vert nokon gjennom eit namn og ein som trur han kan jobbe. Det kunne godt vore eit Vårherre spørsmål. Ein gamal kollega meinte at ved sida å sjå Gud åsyn til åsyn i himmelen, ville den største openberringa vera kor viktig kvart einskildt menneske er. Alt det gode menneske gjer mot kvarandre vil bli lyft fram. Min himmellengt er ikkje stor, og himmelbilete er heller små, men eg tenkjer det som ein kald vinterdag frå barndomen.Så etter mange timars snobasing blir ein ropa inn av mor. Til varm kakao og ferskt grovbrød med brunost på. Før ein får benke seg rundt eit bord med kjende andlet.

Mors stille arm
når langt utover
gravkammeret i Vinje
I sol, toreslag
og frost.

(Tarjei Vesaas)

DAG 5: MJONØY-EDLAND

GJEV OSS I DAG VÅRT DAGLEGE BRØD

Pilegrimane vert møtt med god augo langs vegen. Nevahelsingar, mat på bordet og spesielle pilegrimsprisar. Vest-telemarkingar nyttar latinske ord ”nåde”, og seier at ting er gratis. ”Er dei alltid så snille i Vest-Telemark”, vart eg spurt etter ein retteleg god kling. Eg vert litt beit. Veit ikkje heilt kva eg skal seie. Men tek istaden til å tenkje på svigermødre. Eller ei heilt spesiell. Svigermor til apostelen Simon Peter. Ho var sjuk, fekk feber. Jesus hadde nett kalla Peter til å følgje seg, og ein kan lure på kor fornøgd svigermora var med det. Jesus kom forbi, tok henne i handa, og då slepte feberen, og svigermor stelte for dei, står det hja Markus. Det finaste ho kunne gje attende var å stelle. Inga kneling eller store ord som takk, men enkelt og greit godt stell.

Dette: å vere i livet
Opent for alt ikring
Bunden med sterke røter
Til menneske og til ting
Gi både hjarte og hender
I omsorg som aldri svik
Var det som gav meining til ferda di
Og let deg få kjenne deg rik.

(Halldis Moren Vesaas)

DAG 6: EDLAND-VÅGSLID

- OG TILGJEV OSS VÅR SKULD SLIK ME OG TILGJEV VÅRE SKULDNARAR

Det fins sju hovudord for ein pilegrim. Sju verdiar som ein kan gjenoppdage langs pilegrimsvegen. Det handlar om det langsame liv, det enkel, det å dele, å ta inn stilla, vere utan uro ,oppleve fridom og det åndelege liv. Staven pilegrimane ein bar skulle minne om å stø seg til Kristus, skoa var eit symbol for det langsame liv. Hatten skulle skydde mot sol og regn, og er eit teiken for det bekymringsfrie mennesket. Sekken skulle vera lite og alltid open slik at ein lett kunne dele med seg. Å vandre pilegrim er å vandre i Gud, Han som er den Han er. Det handler lite om å kunne noko eller å ha, men å vera. Det øver eg meg på langs vegen. Leiter etter håp og samanhang. Ser dei andre pilegrimane som vandrande bøner, og gleder meg over det. Treng nok sjølv å rydde litt i livet. Ber om å få legge ting bak meg. Og så får eg heller leve med litt småstein i skoa. Tenker på ho som på eit seminar, fortalte om sin filosofi. Med låg stemme sa ho:” Når folk har slutta å tru på seg sjølv, treng dei noko som trur på dei.”

Alt for mange lause ting,
 altfor myrke krokar,
altfor mykje skummelt rot,
alt for store flokar,
alt for store rom,
altfor mange ord,
alt for mange gode råd
gjev alt for mykje tenke på.

(Odd Nordstoga)

DAG 7: VÅGSLID-ULVÅ

-OG LAT OSS IKKJE KOMA I FREISTING

Pilegrimsvandringa mi er inga botsvandring. Men mine svik dukkar likevel opp som innpåslitne bikkjer. Det handlar om ting i familien, min rikdom og forbruk men òg jobben. Eg hadde lova å gå med nattverd til ein sjuk mann. Men det heile forsvann for meg. Seinare vart eg klar over at eg vedkommande var død. Etter lang, lang tid våga eg meg på døra til ho som levde att. Vona at ho ikkje var heime. Men fekk stotra fram ei bøn om tilgjeving. Vart teken imot. Invitert til førmiddagmat. Fekk kaffi og skiver Eller brød, vin og tilgjeving, tenkte eg etterpå. Lettare kunne eg ikkje gå derifrå.

Jeg talte om Gleden i Haabet
Om Trøsten i Jesu Død
Om Naaden i Angers-Raabet
Og Hvilen i Abrahams skjød
Som Ordet da vederkveger
Og stiller de bitre Savn
Saa vied jeg Brød og Beger
Til Natverd i Herrens Navn

(Magnus Brostrup Landstad)

DAG 8: ULVÅ-SVANDALSFLONA

MEN FRELS OSS FRÅ DET VONDE

Underleg dagar nærmar seg slutten. Ser for meg ein sein kveld i Den Dominkanske Republikk Under ein studietur med Kirkens Nødhjelp møtte eg metodistpastoren Osvaldo Ossers. Ein orkan hadde nett ramma øya. Fleire tusen var døde. Det kom eitt spørsmål om korleis slik ting verka på fattig folks tru. Om dei rett og slett missa trua når slikt hende, og fekk når om at Gud hadde svikta dei? Då seier Osvaldo: ” Utan Gud hadde me vore verkeleg fattige.” Pilegrimsvandring gjev godt høve til å tenke over livets fristingar. Forbruk og materialisme trugar jordkloda. Då gjeld det å finne feste for liv og kvardag i det enkle og nære, for å kunne tå opp kampen for jorda.

Ro treng eit bån,
For å feste tægan til livet.
Rotfeste treng ein ungdom
For å opne blomen
Mot ljoset
Rotfeste treng eit menneske
For å bera bører i motvind.

(Olav Mosdøl)

DAG 9: SVANDALSFLONA- RØLDAL

FOR RIKET ER DITT OG MAKTA OG ÆRA I ALL ÆVE.

Eg hadde snakka mykje med han under fengslinga. Lagt alt eg hadde av terapeutisk kunne i samtalane. Kognetivt, systemisk og narrativ og eg veit ikkje. Han hadde missa år av livet for to minutt med raseri. Kunne ikkje tilgjeva seg sjølv det som hadde skjedd. Så etter ei av mange samtaler, takkar han meg og seier; ” Trur ikkje dette går. Du er trivelege å prate med. Men eg treng ingen terapeut, heller ein Frelsar.” Mi pilegrimsvandringa går mot ein ende. Dei gamle pilegrimane hadde ei oppgåve etter at dei var kom heimatt: Å gje det gode dei hadde møtt langs vegen, vidare. Og eg stør meg på den tanken at kvar gong nokon gjer noko godt mot einannan, er det Kristus som kjem att til jorda. Men eg er enno ikkje heimkomne.

Eg er ikkje den heimkomne
undervegs som eg er
tar eg vandrarens stav
går i vandrarenes sko
men noko fekk eg gå mot
etter tørsten, etter angsten
etter bortgøymde tårer
Eg er ikkje heimkomen
undervegs som eg er.

(Ingebjørg Kasin Sandsdalen)

AMEN.

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no