Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
FASTETID

FASTETID Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 7.02.08

 

 

Fastetida er ei påminning om Jesus førti dagar i ørken. I går var det Oskeonsdag, og det er førtifem dagar til påskeaftan. Sundagane i fastetida reknast ikkje som fastedagar. Dei er festdagar til minne om at Jesus stod opp frå dei døde.

 

Tida i audemarka nytta Jesus til å førebu seg til si teneste. Tre gonger vart han freista av Djevelen, men kvar gong stod han imot. I gamle dagars fastetid var det mykje snakk om askese. Det er eit ord med heller dårleg klang i våre øyro. Å nekte seg noko er ikkje lett for det moderne mennesket. Eigentleg tyder askes øvning. Det har med trening å gjere. Trening i å bli sannare, tydelegar og meir menneske.

 

Munken Thomas Merton sa det slik: ”Det djupaste eg veit om meg sjølv, er at eg er eit menneske elska av Gud.”

 

Eilev Erikstein

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no