Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt

DIAKONI 30 ÅR

VEST TELEMARK MODELLEN EIT BIDRAG TIL DIAKONIHISTORIE

Sidan 1985 har det vore prostidiakon i Vest-Telemark. Dette skal markerast og feirast under Diakonisamling for Vest-Telemark  i Nesland kyrkje fyrste sundagen etter påske .

Prostidiakonen var eit samarbeid mellom det som den gangen var Vest-Telemark prosti, kyrkjelydane i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal. Økonomien var sikra gjennom eit godt samarbeid mellom dei fem kommunane og bispedømerådet. Kommunane med eigne løyvingar, og bispedømerådet som formidla vidare eit statleg tilskot. Seinare, etter at fellesråd kom inn i lovverket i 1996/97, er det dei som har stått for dei lokale løyvingane, henta frå rammetilskota dei får frå kommunane.

 På dei tretti åra har det vore to tilsette, Per Emanuelsen og Eilev Erikstein.Mange har æra for at det stillinga blei realitet, men ein kjem ikkje utanom Gotfred Rekkebo, diakonen som slo seg ned i Treungen saman med si Rannei. Han tenkte globalt, etter mange år om diakon i Korea, og virka i det lokale. ”Bør vi kanskje alt nå sørge for at Vest-Telemark prosti bør bli det første prostiet i landet med en egen prostidiakoniarbeider” skreiv Gotfred i eit brev datert 7. november 1979, i ei innkalling til det prostivise diakonikurset i Skafså 15. januar 1980. Fem år seinare vart Per Emanuelsen innsett som Noregs først prostidiakon. Gotfred hadde vyar om at det etter 20-25 år skulle vere prostidiakonar i alle norske prosti.

Slik blei det ikkje, men no når vi feirar tretti år med prostidiakonar  er det etablert slike stillingar i fleire bispedømmer i tillegg til dei tre i vårt eige bispedøme.

Dette trur eg er den klokaste måten ein kan jobbe diakonalt i store geografiske område med relativt lite folk, meiner Erikstein om det han kallar ”eit lite bidrag til norsk diakonihistorie”.

Grasrotarbeidet, i sorg og kriser, den direkte kontakten med folk, er framleis det viktigaste i diakonitenesta. Årsrapporten hans ber preg av nettopp dette. Der har han registrert nesten fem hundre samtaler, vel 200 ulike saker. Dei siste åra er mykje av arbeidet retta mot regionale institusjonar og tiltak som har verdi for heile regionen, som til dømes verdiseminaret i Vinje, pilegrimsvandringar, diakoniarbeid ved DPS i Seljord og fengselsdiakonien i Fyresdal.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no