Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
PÅ STUDIETUR TIL ISRAEL OG PALISTINA

PÅ STUDIETUR TIL ISRAEL OG PALISTINA ( 21.10.12)Det har vore eit variera program under Kirkens Nødhjelp sin studietur til Isral og Palistina.Me tok ein liten prat med Roald Guttomsen, regionskonsult for KN i Agder og Telemark.

 

 

-Me har fått  mange sterke inntrykk  frå Palestina og Israel ”, fortel  Roald Guttomsen.

I desse dagar er ei gruppe frå Agder og Telemark på studietur til ulike KN- prosjekt i Midt-Austen.  I gruppa er det folk Frikyrkja i Arendal og Den norske kyrkje, elles to frå styret i KN og regionskonsulent og distriktskontaktar frå Møre og Romsdal. 

- Det har vore sterke vitnemål frå mange kantar, styrka tru på det KN gjer her ned er viktig , og samstundes blir ein undrande til korleis ein kan få ei løysing som gjev like rettar til alle, fortel Guttomsen.  Under turen er gruppa følgd av KN sin representant i Midt – Austen Gudrun Bertiniussen.

Ein plass me såg på var Victoria Augusta Sjukehuset i Aust- Jerusalem, ein hovud samarbeidpart for KN. Sjukehuset er drive av Det Lutherske Verdsforbund og gjev tenester til palestinske flyktningar – Mellom anna driv det mobile mammografiklinikkar på Vestbreidda og helseekspress frå Gazza.

 

IKKJE GLØYM OSS

Gaza er eit  namn som har levd i verdsmedia sidan 1948.Ein stad  det er sterke politiske meiningar om . I dag bur det 1, 6 millionar menneske  her.  75 prosent er rekna som flyktningar. I samband med ein studietur til Israel og det okkupera Palestina fekk me høve til å sjå innom .  Ein dag i førre veke medan ”Ship til Gaza” prøva å bryte blokaden, var me  fire stykk, tilsette og friviljuge  frå KN som fekk høve til å sjå nærarar på arbeidet som KN er med på å finansiere på Gaza-stripa.

Etter nokre bompasseringar –  ved Eretz Check-point kjem me  inn på Gaza. Fyrst hjå  israelske styresmakter, så dei palestinske og til sist fekk me eit imponerande visa-ark frå Hamas.

Gjennom bil vindauga såg me  nedrasa bygningar. Bygningar som vart øydelagt under den tre veker lange  krigen mellom Hamas og Israel i romjula 2088.

Så er det  er godt å sjå at mange av husa er bygd opp att. Her er det  tett trafikk med slitne bilar , og tuting som eit norsk russetog 17.mai, og mange esel som fraktar grønsaker til marknaden.

Gudrun Bertniussen  frå Skien , leiar for Kirkens Nødhjelp  i Midt- Austen, er den som trygt har fått oss gjennom. Sjølv om ho no bur i Aust-Jerusalem, er Gaza å rekne som heimeområde for henne. Tidligare har ho budd her i to år.

Kvar dag får ho informasjon om ting som kan vera farleg: - Den siste tida har det stort sett vore roleg. Hamas har konfiskera mange handvåpen, og det vert fredelegare at folk  sloss på tørre nevane. 

Dei har lite og hjelpe seg med. Stadig vert straumen kutta, og dieselaggregat er dyre i hald drift. Men dei viktigaste ressursane eit sjukehus rår over, er på plass på Al Arabia Sjukehuset . Menneske med hjarte og kunnskap om å gjere godt for sine medmenneske.  Høyrde eg ikkje feil tydde namnet ” Håp”

Isa Arasi , frå MECC (Middle East Council of Churches), som eig sjukehuset ,  syner oss rundt på ein helsestajon i tilknytning til sjukehuset. -  I Gaza er det lite direkte svelt , seier han, ” men mykje feilernæring.  Seks og tjuge år gamle Rimi er her med sitt sjuande barn,  Hassan. Ho  fortel kvifor ho som muslim nyttar seg av tilbodet frå eit diakonalt sjukehus: - Her får eg hjelp, let det enkle svaret: - Og her kan eg snakke fritt.

Ei stor utfordringa på Gaza er at nesten femti prosent av befolkninga er under femten år. Med så mange unge stengt inne på eit lite område med  høg arbeidsløyse og fattigdom , kan  situasjonen lett  kome ut av kontroll.

Direktøren  fortel  at det er fredeleg tilhøve mellom dei kristne og muslimane på Gaza-stripa. Men mange kristne har reist frå Gaza  grunna dei vanskelege  tilhøva den israelske blokaden skaper.

-Hamas regjering legg seg ikkje opp i kva me driv med, berre tenesta er gode , seier Arasi når han vert utfordra til seie noko om samarbeidet med dei politiske styresmaktene.

– Takk for at de kom, og hugs på oss i bønene dykkar ,  er dei siste ord frå Gaza. ”

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no