Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
EVANGELIET I HANDLING

EVANGELIET I HANDLING Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 31.01.08

EVANGLIET I HANDLING

 

Frans av Assisi skal ha sagt at evangliet må forkynnast om naudsynt med ord. No seier det nye diakoniplanen for kyrkja det mest like sterkt, og ein liten teologisk revolusjon har skjedd: ” Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.” Diakonien er kyrkjas glade bodskap. Alle treng me diakonien. Somme gonger som utøvarar, andre gonger får me lov å ta imot. Kort sagt er diakonien ei teneste for medmenneske og skaparverket, og ei teneste for Gud. Større, betre og viktigare kan det ikkje vera. Diakonien er ikkje eit oppdrag berre for diakonar, prestar og diakoniutval, men for alle i kyrkjelydane, tilsette og valte. Det ligg mykje god diakoni i høge blautekaker eller krossstinga i altarduken. Det er ei diakonal teneste å hjelpe sørgande på kyrkjegarden eller samle inn offer i kyrkjebenkane. Somme forløyser sorg eller får fram gleda på orgelkrakken, andre inspirer til gode handlingar. Utan diakonien stoppar kyrkja, kan ein seie, For å låne nokre ord frå lastebilnæringa.

 

 

Eilev Erikstein

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no