Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
VANDRING I OPE LANDSKAP

VANDRING I OPE LANDSKAP ( 15.11.12) No er rapporten frå " Vandring i ope landskap" ferdig . Femten deltakarar vandra i to dagar frå Ulevå til kyrkja i Røldal.Fellsenemnaren for gruppa var at dei alle hadde mist nokon av sine i sjølvmord. Vandringa var eit samarbeid mellom LEVE, RVTS og Prostidiakonen.

Sjekk nettsida frå RVTS- Sør her

 

http://sor.rvts.no/no/nyhetsarkiv/Vandring+for+forandring.9UFRnUYk.ips

 

 

Som ansvarlege arrangørane( Øyvind Dåsvatn frå RVTS og Eilev Erikstein , prostidiakon i Vest-Telemark) var me  plass i god tid på Haukeliseter. Det meste var ordna og tenkt på.

Fjellstova var full av folk: Her var det Gourmetkurs for fjellfolk, noko som synest og vera eit Singeltreff og ein del pensjonistar.

Så blei det store spørsmålet: Korleis kjenne att dei etterlatne etter sjølvmord ? Ved oppmøte  kl.19 gjekk me rundt og spurte etter folka våre.

Ikkje som etterlatne etter sjølvmord, men rett og slett pilegrimar mot Røldal.  Ei grunnleggande pilegrimsrøynsle er nettopp at ein møtest som den ein er. Med si historie, sine tankar om tvil og tru. At det at me er ulike gjer vandringa rikare, samstundes med at gjer godt å møte andre i same situasjon:


Å vandre saman med  mennesker som har forståelse for kva eg sjølv har vært gjennom kan ikke beskrives med ord. ” ( Frå evalueringa)

 

FYRSTE VANDRINGSTANKE

”Ro deg ned – gå deg ein tur”, sa mamma når eg var som mest hissig i ungdomen. Det hendte

det hjalp og at eg kom roligare attende. Seinare har eg skjøna at det er noko med dette å ta

beina fatt. Det gjev høve til ettertanke og ny start.

 

Folket på vandringsvegen er ulike. Det er noko av det eg likar best. Somme går for historie og

kultur langs vegen. Andre for helsa si skuld.  Nokon i solidaritet med ein som såg det uråd å gåaleine. Andre for det åndelege. Eller heile pakka. Men det er den same høge himmelen me gårunder. Kjenner varmen frå den same sola. Eller går saman i kaldt regn. Får like vonde gnagsår, og trakkar i den same saue møkka. Langs gamle vegar går dagane. Dagar som lagar

nye stigar i sinnet. Opnar noko nytt mellom menneske på vegen.

 

Ett er nødvendig

Her i denne vår verden av husville og heimløse

Å ta bolig i seg selv

Gå inn i mørkret

Puss sotet av lampen                                                                                                        

Slik at mennesker på vegen

Kan skimte lys i dine bebodde øyne

(Hans Børli)

 

 

Laurdag 15.09.12

 

Frukost frå kl.7.30. På førehand litt logistikk med utplassering av bil på Svandalsflona. Start frå Ulevå kl.9.18 . Fyste kaffipause ved Geitestøylen etter halvanna time. Neste brødskive var ete bakom Dyrskarbrakka, ei eit ruskute vær. Framme ved Svandalsflona kl.14.45. Transport attende til Haukeliseter gjekk greitt.

 

DEN ANDRE VANDRINGSTANKEN

 

Om ein har mist retninga i livet, kan det vera nyttig å finne seg eit mål og så bes gå dit, seier eit gamalt ord. Mange har gått mot Røldal før oss. Somme vart friske  og takka Gud. Men mange sikkert gjekk skuffa heim. Likevel hadde vandringa og fellesskapen langsvegen gjort dei godt.

På pilegrimsvandringa er det beina som talar. Godt når orda har vorte alt

for store og harddisken er full. Tankar forsvinn frå hovudet. Blir liggande att langs vegen. Så får ein sjå om ein vil henta dei ved seinare høve. Men fyrst må ein klive liene og trakke vegane.

 

Vi som lever oppi desse fjell

og fjerne skogslier

her kliv

her klagar vi og lite ser vi att

av alt strev

Men vi blir her

Vi dreg ikkje herifrå

for noko i oss prisar

desse skrinne bakkar

Vi har teke fasong etter dei

vi må ha dei å gå i

og å stø oss i mot

ellers miste vi vel retningen

ellers fekk vi vel for stor fart

ellers rulla vi bort

ellers rusa vi vel til havs

Oppi desse berg

og fjerne skogslier

her lever vi, klagar vi, syter vi

er vi verkelege

 

(Arvid T. Lie)

 

Sundag 16.09.12

 

Dei to bilane frå Vestlandet  vart køyrt til Røldal, og kjentmannen for dagen , pilegrimsvetrane Svein Gjørv vart med opp til gjengen som venta på Svandalsflona. Gjekk derifrå kl.9.40- God temp  og nokre solglytt. Matpause ved Bruhølen . Framme i Røldal kl.14.17. Pilegrimsprste møtte oss med klokkeklemt og god velkomst. Fortalt litt om den gamle kyrkja frå om lag 1200. Eit Tarjei Vesaa dikt vart lest, eit keltisk velsigning lyst, pilgrimspassa stempla medan folk fekk høve til å site stille i den vesle stavkyrkja med det vidgjente krusifikset.Godt med middag på Skyssstajon lengre opp i vegen. Ved 17-tida var alle pilegrimane reist heimatt..

 

 

DEN TREDJE VANDRINGSTANKEN

 

Å være på vandring betyr at ein ikkje veit kva som ventar ein. Eit indonesisk ord for reise

tyder ” å få vaska augo.” På vandringa kan ein kan risikere litt av kvart. Som: utvikle venskap,

kjenne ein ny fred, få smaken på det enkle vandringslivet, få ein god latter, auka kjærleik til

naturen, opne seg mot andre, bli meir tolerant og audmjuk, få gje noko godt til andre og

oppleve at andre vil ein vel. I mitt hovud  likar eg å tenke på at dette er den gode Guds

avtrykk i verda.

 

Somme spør meg om ein må vera truande for å vandre pilegrim. Nei, tenker eg, kan ein ikkje

heller snakke om å ver nysgjerrig på trua, ha ei lengt eller undring i seg. Og i beste fall kan

kyrkja med sin songar, liturgi og sitt fellesskap tru for ein. Ei dame på eit kurs skulle forklåre

kva som dreiv henne i arbeidet med alkoholikarar: ” Når folk har slutta å tru på seg sjølv,

treng dei nokre som trur på dei. ”

 

Stundom møter vi menneske som hentar fram det beste i oss.

Menneske som opnar for våre kjelder,

som lokkar fram våre farger

som aukar varmen i våre liv.

Stundom møter vi menneske som ser bak våre skal

så vi gløymer vi har dei

og glitrar fram i vår prakt.

Menneske som vi ber i oss etterpå

med takksemd

(Olav H. Hauge)

- Vart du betre , vart eg sjølv spurt vel heimkomen frå ei pilegrimsvandring til Røldal . Vel hadde eg kjent sveitten på kroppen. Dei varmaste dagane i dei tyngste liene, rann det frisk frå panna. Men frå krusifikset i den gamle Røldals-kyrkja frå 1250,  datt det ikkje ein dråpe.

Likevel kjenner eg meg ofte betre etter ei vandringa. Beina er kvikkare. Hovudet blåst for stress. Minnest terapeuten som fortalte at hans mål for alle samtaler, var at folk skulle gå ut frå kontoret hans med litt meir håp. Slik kjenner eg det, vel framme i Røldal: Reiser heim med litt meir håp! Har fått mykje. Delt noko. Har eg meir å gje ut no?

 

TRE GRUNNBEGREP

Eg har ofte tenkt på pilegrimsvandring utifrå tre omgrep: Forsoning, forvandling og myndiggjering. (Frå Diakoni i kontekst. Forvandling. Forsoning. Myndiggjøring. Et bidrag frå Det Lutherske Verdensforbund til forståelse av diakonal praksis og handling. Oslo 2010). I denne samanhengen passar uttrykka godt inn etterlatnearbeidet.

Forsoning: Ei pilegrimsvandring  kan gjerne handle om å legge av seg ting. Ofte symbolisert med at ein ber meg seg ein stein, og legg ved målet.  ”Det viktigaste for meg etter at sonen min tok livet sitt, var å tilgjeva meg sjølv og forsone meg med at slik vart, sa ei.

Forvandling: Slit ein psykisk kan  ein og legge frå seg litt av kvart undervegs.  Ei anna fann ut at ho var lei av å vera offer. Ho la frå seg offerrolla i Røldal.  Reint fysisk, skal ein ikkje gå lenge, før ein kjenner at forma vert betre og at ein tòler lengre turar. ” Eg fekk ein god kjensle av at noko trong mi historie i dag, Det var godt. Litt meining i det.”

Myndiggjering eller det kan godt heite meistring. Ei sa at det viktigaste var å oppdage at ho kunne gå ei mil og vel så det i eitt.

Slik skreiv  ein deltakar på sin gule lapp:    Smerte former en til nye mennesker frå sønderknuste og frå dypets verste nederlag. Til oppreiste , stolte kvinner og menn, gjennom vandring i ulent terreng og vekslende vær . Godt å gå saman med liksinna.”

 

FAG MØTER GRASROT

Den som har skoa på, veit kor han trykkjer. Men det hender det må skomakarar til for å vide ute skoen slik at han ikkje gneg meir. Slik det ligg ein styrkje mellom fagleg og friviljuge. Fag møter grasrot, og få til noko bra i felleskap. Fagfolk kan sikre rammer på vandringa, men dei levande relasjonane mellom folk kan gjere mykje meir.

” Å vandre i naturen med likesinnede gir energi og inspirasjon på vegen videre. (Frå ein deltakar )

 Pilegrimsvandringa ” Vandring i ope landskap”  har som mål ha ta mennesket på alvor som eit fysisk, psykisk og åndeleg vesen.  Her gnagsår og lågt blodsukker, mange tankar under ein høg himmel og høve til å be ei stille bøn i ei lita kyrkje. Eit  kyrkje dit folk har søkt sidan 12-1300 talet for å tenne lys og  å be om eit betre liv.

 

Eilev Erikstein

Prostidiakon i Vest-Telemark

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no