Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
IKKJE TIL Å FATTE

IKKJE TIL Å FATTE ( 13.07.12) Enno har me ikkje fatta det. Men Tokke sine gode organist sidan 1987 Zbyszek død. Torsdag 28.juni 2012 døydde han under ei feriereise i heimlandet Polen. Me sender varme tankar til kona Ella og borna Karolina og Lukas.

-Zbyszek , sa eg , var det greitt?

Eg hadde halde eit minneord i ei  gravferd. Lurte på om orda trefte. , om biletet eg teikna var sant og person var til å kjenne att i orda mine.

- Slapp av ,sa Zbyszek. – Det er hjartespråket  som tel.

 I dag er det mykje hjartespråk og tårer som flyt utover partitura. Me tek avskil me ein som har talt til oss gjennom musikken,  i glede og sorg. I høgtid som i kvardagar. Som har fargelagt festar og liv med musikken sin.

Sundag  den 24 .juni spela Zbyszek sitt siste postludium .

Staden var fjellkyrkja på Skafsåheia. Etter gudstenesta skulle han byrje på  ferie. Som  så mange gonger  i heimlandet Polen.

 Nokre av oss diskutera etterpå kva postludium  det var han spela.  Det blei samtale kring bordet. Fleire snakka om den dyktige  organisten.  Etter kvart kom  med fram til at det måtte vera  ” Sommernatt ved fjorden”

Ein song om Hans Jæger og Oda Larson  i ein pram på fjorden. Biletet  glir over til ei drosje i Gdansk. Ella har henta  Zbyszek i ei  drosje – torsdag kveld for  femten dagar sidan - for å få han til legevakta. Men livet stod ikkje til å redde og han døydde i hennar armer.

 Zbyszek og Ella heldt saman i ” gode og vonde dagar” Nokre av dagane var prega av sjukdom. Ella heldt maten varm og gav Zbyszek høve til leve  ut kunsten. Og Zbyszek fortalte oss ofte kor god mor og kone Ella var

Dei siste dagane har me prøva å fatte bodskapen. Zbyszek , den trufaste og kreative organisten, kordirigenten og  kulturarbeidaren er ikkje meir.

Zbigniew Radziej var født 18.oktober 1949 i Kwidzyen .

Han kom frå ein  musikalsk familie.  Populær rockemusikar i heimbyen. Utdanna seg til pianist, men kunne elles spele det meste. Kunne sin Bach og  Schubert.

 I Elblag vart han sjef fot Musikkskulen. I denne samanhengen kom han i kontakt med folk frå Dalen under ein skulekorps tur til Polen.

I 1987 kom han til Noreg. Det var før Jarnteppet fall og familien måtte seie at dei berre skulle på ferie hit til landet. Noreg var forresten ikkje ukjent  for Zbyszek . I fleire år reiste han rundt og spela på norske hotell . Mellom anna  i Rauland.

Her hjå oss blei han organist og arbeidde i Kulturskulen. Familien flytte inn på Tangane. Det var Ella , som han hadde gift seg med i 1975, Karolina  og Lukas. Karolina byrja i 6 . klasse og Lukas i 2.klasse.

Vel er tapet størst for dei aller næraste, men mange var så nær Zbyszek  . Så mange kjente han som ein god lærar,  ven og kollega. Han var glad i folk. Gav pengar til musikar som sat på gata og spela, sjølv  om det sikkert kunne høyrest fælt ut for ein slik musikalsk mann.  Ein omsorgsfull person med stor arbeidskapasitet. 

Trur han ville likt at fiskartalentet hans kom fram.  Fisking var rein lidenskap. Sjøen og havet var elles hans beste avkopling og avstressing. Avstressing var han vel ikkje så godt til. Han søv lite. Dreiv seg sjølv hardt.

På kyrkjekontoret kom han inn som ein vind, sjekka posthylla og forsvann før han vart involvert  i alt for mange detaljdiskusjonar.

Eit musikalsk geni var han, men òg fantastiske på det sosiale. Det viktigaste syntest å vera å løfte andre fram. Han gav som ros på det folk var gode til. Gav mange tryggleik til utvikle talenta sine. I Tusen Stjerner gleda dei seg alltid til koravslutningane før sommar og jul, då laga Zbyszek musikk- konkurranse . Barneauga vart store når Zbyszek kom med  bæreposar full av gotteri, til premie.

Nøye med kvaliteten på alt han gjorde, men raus som ingen andre når det galdt å styrke andre. Det gode han stod for vil bli djupt sakna. I fortvilinga kan ein spørje korleis det skal gå med alt han var involvera i, dei mange   kora  og prosjekt.

Tokke og Vest-Telemark har mist ein ressurs utanom det vanleg. Ella har mist ein god ektemann, Karolina og Lukas ein god far, Wislav ein god bror , Tersa ein god svigerson ,- slik kan me halde fram og kjenne oss fattigare og fattigare fordi me har mist Zbyszek.

 Men òg rikare - fordi me har kjent han!

Det ville ikkje vore i Zbyszek  sin tanke , at me skal gjeva oss over til fortviling. Han ville alltid finne løysingar, tenkte nytt og leita etter ressursane. Og størst av alt formidle nåde og håp gjennom den var og musikken sin.

Zbyszek hadde nådegåve til å få fram flott musikk. Men kanskje hans rette nådegåve var og formidle Guds nåde til menneskjer gjennom musikken og den han var?

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no