Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
PILEGRIM- SEKKEN

PILEGRIM- SEKKEN ( 30.09.11) Siste dagen i september, i eit strålande haustvær, fekk mellomsteget på Vinje og Åmot skule vera med på ei pilotprosjekt innan Den Kulturelle Skulesekken( DKS). I eit samarbeid mellom kulturkontoret og kyrkja gjekk elevane ei pilegrimsvandring frå Breihjot til Vinjar.

 

Vel femti elevar og lærarar fekk pilegrimspass av avmarsj frå det gamle Kommunehuset i Bøgrend Breihjot. Nede i bakkane ved Kåsa-skule møtte "pilegrimane" Juan og Monserat som song spanske pilegrimssongar. Elles fortalte kultursjef Signe Marie Kittelså om livet på Kåsaskulen. Nede på Sanndnesodden vart alle invitera inn på Statkraft til juice og boller. Grunna det flotte været vart det og ein liten tur nedom den nye badeplassen ved Sandnes. Ved Drengestoga i Prestegarden var det dugurd ved Vinjehusets Inger Rønningen. I kyrkja fortalte kyrkjeverje Knut Våmartveit om kyrkja og Nina Svendesen song nokre salmer. Elles var det felles avsyning av Blåmann, Blåmann før Signe Marie stoppa ved grav til Haldis og Tarjei Vesaas. Dagen vart så avslutta ved bautane over Åsmund O. Vinje. 

( Illustrasjonsfoto: Pilegrimsmerke)

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no