Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
VI SOM LEVER OPPI DESSE BERG

VI SOM LEVER OPPI  DESSE BERG Av Oscar J. Garnes Leiar av styret for prostidiakonatet i Vest-Telemark. Vi har hatt diakon i Vest-Telemark i tjue år, men diakoni i uminneleg tider.

Den har på sett og vis vore her så lenge folk har budd her - evna til å hjelpe kvarandre. Når folk etterkvart tok imot den kristne trua, vart denne nabohjelpa sett inn i ein større samanheng.

Det vart ei teneste både for naboen og Gud, og den fann sin inspirasjon i dei gode gjerningane Jesus gjorde. Mot dei sjuke, mot dei fattige – ja til og med mot dei døde(!). Diakonien har og vore tilstades gjennom den tenesta prestane gjer og gjorde. I lang tid var prestane dei einaste kyrkjeleg tilsette. Etterkvart kom andre tilsette til slik som klokkarar, kyrkjetenarar og kyrkjegardsarbeidarar. Mange av desse gjorde uvurderleg diakonal teneste i møte med enkeltmenneske som søkte til kyrkje og kyrkjegard gjerne på leit etter ei meining i livet, eller i sorg og sakn etter nære pårørande som var døde.

Men altså diakon, det har vi berre hatt i tjue år. Prostidiakon. Godtfred Rekkebo, var den kreative og velsigna mannen som kom opp med tanken – og omgrepet for vel 20 år sidan.

Rett skal vere rett, det var ei naudløysing. Ei naudløysing på det uoverkomelege problem, at kvar enkelt kyrkjelyd i Vest-Telemark umogeleg kunne få tak i, eller ha råd til å skaffe seg eigen fagutdanna diakon. Å då var det lite anna å gjere enn å samarbeide. På eit vis sjølvsagt og enkelt tenkt. Men i ei kyrkje som meir eller mindre hadde eit uttalt mål at kvar kyrkjelyd skulle ha sin eigen diakon, så var det faktisk radikalt tenkt.

Etter tjue år har tanken teke bustad hjå fleire, men framleis er det berre eitt fåtal liknande samarbeidsprosjekt i kyrkja. Naboprostiet i vest, Otradalen prosti, har gjort det. Der er det Vest-Telemarks fyrste prostidiakon Per Emanuelsen som gjer teneste, frå Bykle i nord til Vennesla i sør.

Her hjå oss starta det som eit forsøksprosjekt.

Ja, det tok eigentleg til med eit forprosjekt.
Det gjer ofte det med idear som ein ikkje heilt ser forma på, som ein ikkje heilt veit om er liv laga og som ein ikkje har ferdigfinansiert.
Agder bispedømmeråd sitt diakoniutval med diakonikonsulent Oddvar Ripegutu i spissen, utfordra i 1979 Godtfred Rekkebo til å leie eit forprosjekt i Vest-Telemark. Oppgåva var å finne ut om det var grunnlag for eit diakonalt samarbeid mellom kyrkjelydane i prostiet.
Forprosjektet vart avslutta i 1982, men det gjekk enno to år før sluttrapporten var på plass
og ein kunne kome med ei tilråding frå eit lokalt samarbeidsorgan, prostirådet. Rådet etablerte ei arbeidsgruppe i april 1984. I september tilsette dei landets første prostidiakon, Per Emanuelsen. Han vart vigsla til tenesta i Nissedal kyrkje 10. januar 1985. No var prøveprosjektet i gang, men målet var no ikkje lenger å sjå om dette kunne gå. Målet var at det frå 1. januar 1990 skulle etablerast ei heilt ordinær 100% diakonistilling i Vest-Telemark prosti. Finansieringa vart etterkvart dels tilskot frå kyrkjelydane, dels kommunale, dels statleg ved at ein fekk del i dei ordinære statlege tilskota til diakonistillingar i bispedømet.

Prøveprosjektet vart forlenga eitt godt halvår lenger enn planen, men innan utgangen av 990 var den permanente ordninga på plass. Diakon Eilev Erikstein starta 1. januar 1991.
I den grundige og systematiske sluttrapporten etter forsøksprosjektet, skriv Per Emanuelsen om fire ulike satsingsområde; krisehjelp, arbeid blant alkoholmisbrukarar og deira familiar, sorgarbeid og fangeomsorg i lokalmiljøet. Etterkvart har barnevern og familievern blitt lagt til lista.
Alle satsingsområda – og alt det andre diakonane og diakonien har vore opptekne av desse åra, rommar levde liv, sorg, sakn og glede.

Tre verdiar har lagt i botn for prostidiakonstillinga.

1. Mot – altså pågangsmot i motsetnad til motløyse.
2. Fagleg kompetanse.
3. Samarbeid.

Motet
Motet viste seg hjå bispedømeråd, hjå Oddvar Ripegutu, hjå Godtfred Rekkebo og etterkvart alle dei medarbeidarane, friviljuge og tilsette, som kjempa fram og stilte seg bak satsinga på ein prostidiakon i Vest-Telemark. Utan dette motet, iveren – eller kall det gjerne trua, hadde ikkje Vest-Telemark hatt diakon i dag.
Motet har og vist seg hjå dei to diakonane vi har hatt i teneste. Dei har trassa alle påstandar
om at å vere aleine diakon i eit så stort område, var umogleg – ja nær sagt tåpeleg. Dei har lagt påstandande døde. Dei sit rett nok mykje i bil, og køyrer på nokre av landets dårlegaste vegar, og mobiltelefonen er kontortelefon, men eg vågar påstanden om at det likevel er ro og nærvær som pregar diakonane våre når dei møter folk. Både Per Emanuelsen og Eilev Erikstein har vågd å vere seg sjølve. Slentrande, nesten litt bohemaktige, har dei stige inn i små rom langt inn på ville heie, og i litt meir prangande boligfelthus i Kvitseidbyen og andre tettstader. Ja, kafélivet veit dei og å sette pris på. Særleg Eilev Erikstein har gjort Waldenstrøm kafé i Kviteseid til sin stad. Så langt har det godt at kaféeigaren fekk diakoniprisen i 2003 for den romslege haldninga han viste – både overfor diakonen, men og overfor gjestene. Diakoniprisen er forresten og verdt å dra fram som døme på mot.
Denvart innstifta av styret for prostidiakonen, og delt ut første gong i 1993 til Godtfred Rekkebo etter hans død.

Seinare prisar har gått til Vest-Telemark Blad (1994) for positiv haldning til diakonane, kyrkjestoff generelt, det diakonale stoffet spesielt.

Kirkens SOS i Telemark (1995) for tilbodet dei gav – og gir - i heile regionen.
Nattcaféen i Treungen (1996) – eit godt og målretta ungdomsarbeid.
Anna Midtgård, Kviteseid (1997) – sjølvoppofrande og godhjerta menneskeven
Kari Veum, Nissedal (1998) menneske med blikk for omsorg
Bjørn Hove, Møsstrond (1999) – landpostbod med medmenneskeleg omsut i postsekken.
Kirsti og Magne Skjæveland, Kviteseid (2000) for kontaktarbeidet dei gjorde mot flyktningane i asylmottaket.
Diakonitenesta for skogsleiren i Fyresdal (2001) – dugnadsfolk som bakar og køyrer for å gjere livet litt lettare for dei som sonar sine straffer.
KFUM-speidarane i Vinje og Edland. (2002) – eit godt og målretta barnearbeid
Waldenstrøm kafé i Kviteseid (2003) – staden for den gode og seine praten over ein kaffekopp og ein røyk (den gongen).

Denne lista er òg eit vitne om mot, og syner at diakonien har grobotn mellom folk flest, men at den treng fagleg stell.

Fagleg kompetansen
I eit område av landet der ein stundom har hatt kjensle av at fagleg kompetanse er noko som ikkje tel så mykje, og på eit fagområde der diakoni i botn er noko vi alle skal drive med, og ta ansvar for, kan ein fort gløyme at diakoni faktisk er eit fag. For å kunne kalle seg diakon stiller kyrkja no krav om at ein minst skal ha 3-årig fagutdanning på høgskulenivå innan helse- eller sosialfag. I tilegg kjem krav om kristendomskunnskap og ei praktisk-kyrkjeleg utdanning med hovudvekt på diakoni.
Fagleg kompetanse er viktig for å kunne gi rett tilbod til rett tid. Og den er viktig for å
kunne rettleie friviljuge til diakonal teneste. Den har og vore viktig og bygd opp under motet som Per Emanuelsen og Eilev Erikstein har synt i sitt arbeid. Diakonane hadde heller ikkje kunna profilert stillingane på ein så god måte, tilpassa folkesjela i Vest-Telemark, utan fagleg tyngde. Den diakonale fagkompetansen gir og ein teologisk ståstad som er sjølve grunnfjellet i all diakoni. Og då handlar det ikkje berre om å vere eit truande menneske med dertil høyrande gode gjerningar. Det er teologisk kunne med bibelfag, truslære og etikk som gir retning på det helse- og sosialfaglege arbeidet.

Fagkompetansen, og tryggleiken den gir, er og viktig i møte med andre profesjonar. Til sist er det viktig, både for oss som oppdragsgjevarar, men og for arbeidstakaren, å kome i hug at fagleg kompetanse må røktast, haldast ved like og utviklast. Det krev at ein finn rom – og set av ressursar til at det kan skje på ein god måte.

Samarbeid
Samarbeid trekk eg fram som den tredje verdien. Samarbeid mellom profesjonane i kyrkja sjølvsagt, og kanskje er samarbeidet med prestane det viktigast. Det handlar om deltaking og naturleg plass i gudstenestene, men og i samband med gravferd. Diakonen er og sentral medarbeidar og til dels drivkraft i arbeidet med konfirmantane. Samlingane for konfirmantar i Vest-Telemark, eit vakedøgn med bibeltimar, drama, dans og volleyballturnering på Vinjehuset, var eit av tiltaka som kom i stand etter initiativ frå diakonen. Etter at den nye kyrkjelova kom i 1996, er og kyrkjeverjene som lokalkyrkjelege leiarar, blitt nøkkelpersonar som diakonen samhandlar med. Men alle tilsette i kyrkja er diakonen sine medarbeidarar. Med jamne mellomrom deltek diakonen på kyrkjelege stabsmøte rundt om i prostiet – og ser seg som ein av staben alle stader. Båe diakonane har lagt vekt på samarbeidet med statlege og kommunale etatar. Det vere seg fangeomsorg i skogsleirane, lensmannskontor, arbeidskontor, sosialkontor og barnevern.
Det kommunale samarbeidet i regionen, som er kome til, kanskje inspirert av det diakonale
samarbeidet, er og ein nyttig samarbeidspart.
I 1985, når ideen om diakonalt samarbeid vart planta i prostiet, hadde ein allereie eit etablert samarbeidsorgan – eit prostiråd. Det var eit friviljug samarbeidsorgan mellom kyrkjelydane i prostiet. Eg vågar påstanden om at vi har diakon i Vest-Telemark fordi der var etablert eit samarbeid. Då var prostiet formelt i stand til å respondere på den utfordringa som kom frå bispedømeråd og deira diakoniemmisær Godtfred Rekkebo. Samarbeid gjer sterk – og gjer det umoglege mogleg.

Mot, kompetanse og samarbeid – og størst av dei er kjærleiken…..
Ei radbrekking kanskje av eit kjært utsegn av Paulus i 1. Kor 13., men sant. For om ein var aldri så mota, aldri så kunnig, aldri så fellesskapsorientert – så kom ein ikkje langt om ikkje kjærleiken låg bak og gav krefter. Kjærleiken frå Gud – og kjærleik til ein liten del av landet vårt som på mange måtar er eit steinland. Det er tøfft å bu her. Eller som diktaren Arvid Torgeir Lie seier det:

Vi som lever oppi desse berg
og fjerne skogstrakter;

- her kliv vi, her klagar vi
og syter vi
og lite ser vi att av alt strev
Men vi blir her,

vi dreg ikkje herifrå
for noko i oss prisar desse skrinne bakkar.
Vi har teke fasong etter dei
og vi må ha dei å gå i og å stø oss imot
- elles miste vi vel retningen
- elles fekk vi vel for stor fart
- elles rulla vi bort
- elles rusa vi vel til havs
Oppi desse berg og fjerne skogslier
her lever vi, klagar vi, syter vi
er vi verkelege.

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no