Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
ME ER SÅ FÅ

ME ER SÅ FÅ ( 23.07.11)Fredag 22.juli 2011 miste me noko grunnleggande her i landet: Tryggleiken og mange gode menneske. Også Vest-Telemark og Tokke er råka.

 

Nokre liner av krigshelten Nordahl Grieg( 1902-43) har surra i hovudet mitt i dag. ” Vi er så få her i landet,  hver fallen er bror og venn,” skriv diktaren i ” 17 mai 1940. Sjølv vart han skote ned under eit bombetokt over Berlin i 1943.

 Men denne gongen handlar orda ikkje så mykje om den tid dei vart skrive. Orda verkar heller heilt nye. Dei når meg som eit stile påminning om at me er viktig for kvarandre. Når noko skjer- når kriser og død råkar lokalsamfunna, er folk tilstades for kvarandre.

Så betyr det ikkje noko om ein ikkje veit kva ein skal seie eller ikkje finn dei rette trøyste orda i sorga. Som regel fins dei ikkje. Men nok vert  att når krisa over:  Det gode nærver.

Det gode nærver syner seg på så mange måtar. Som blott nærver eller blir til blomar, ei kake på døra eller gode klemmar.     

Så går folk, men nærveret sit att og blir ein viktig hjelpar.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no