Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
NYE VANDRINGSMEDITASJONAR

NYE VANDRINGSMEDITASJONAR ( 8.08.11) Det har vorte ein fast tadisjon og skrive ned nokre vandringsmeditasjonar til bruk under vandringa frå Vest-telemark til Røldal. Sist fredag kom 22 pilegrimar fram til Røldal og her finn ein årets vandringstekstar.

 

VANDRINGSMEDITASJONAR

 

Torsdag 23 juni 2011

 

Seljord- Morgedal

”Det store spørsmålet er hvordan vi kan bli større som menneske, og unngå å krympe? ”, spør forfattaren Tomas Espedal. Det kan eg grunne på over fjellet.

 

PRELUDIUM

Ved Seljord- kyrkje står det store Landstad monumentet. Diktarpresten Magnus Brostrup Landstad ( 1802-80) er for vest- telemarking å rekne. Rett nok fødd i Nord-Noreg, men oppvoksen  i Vinje og fekk gode arbeidsår som prest i Kviteseid og Seljord. Kjent for salmebok og eit stort innsamlingsarbeid av folkeviser. Landstadskulpturen  er laga av Tokke-kunstnaren Anne Grimdalen (1899-1961) Ei lita vever kvinne, svak helsa med ein veldig skapartrong. Eg prøver å sjå for meg korleis ho arbeidde med dei store granitt blokkene. Med ei tru som kunne flytte, -og ikkje minst forme sjølve fjellet. ”Fra hennes kunst utstråler evige åndelige verdier og impulser til godhet og tro på en dypere mening med vår vandring gjennom denne vanskelige verden.”( Rolf Andvord sitert Kjell Åsen: Anne Grimdalen. Lunde Forlag 1999)

(Tim 6,6-10)

 

Fredag 24.juni 2011

Morgedal- Øyfjell

 

Dette er ein dag for litt av kvart. Ved sidan av bursdagsfeiring for Døyparen Johannes, snur sola. Eller som ein kamerat sa det, nygift på kyrkjetrappa St. Hans ” No går det mot mørkare tider.” Med venen har det gått bra så langt, men med Døyparen gjekk det ille.  Hovudet til Døyparen enda på eit fat.  Men hans verk er større enn som så. Det er litt Bukkane Bruse over Johannes. Han kjent som den som rydda vegen for Jesus. Det kjem ein etter meg, sa han. Han er større og sterkare. Både menneske og Gud. Han skal de tena.  Han sett fri. Johannes var som ein trufast vegarbeidar. Det er mest som å høyre dei lokale kjentfolka. Dei held stigar og vegar i stand. Merkar og står på for at folk skal nytte vegen. Vil så gjerne  at noko skal få oppleve gleda langs pilegrimsvegen. Kultur og blomar, mat og gode samtaler.

 

Og derfor til fjells,

Vil eg draga som døl,

Og kjenningar finna,

Å gløyme meg sjølv.

( Å.O.Vinje)

 

(Joh 10, 40-42)

 

Laurdag 25.juni 2011 Øyfjell- Åmot

 

- Eg gjeng for å takke” sa, ei dame vestfrå. ” Takke fordi eg har helse til gå. Bein som ber meg og ein rygg å henge sekken på. Desse dagane går eg i  takksemd for livet. For alt  det gode Skaparen har gjeve meg. ” Men mange har heilt andre utfordringar. Deira dagleg utfordring er å våge seg over dørstokken. ” Fotlenkesoning er ikkje noko nytt, sa ein kar; ”Eg har sona heime mest heile livet. Ikkje at eg veit at eg har gjort noko veldig gale.  Mindreverdskjensla har alltid sett grenser for meg. Men på fjellet har eg jamt kjent meg fri.”Det skjønar eg godt, her eg går mot Vinje-fjella. Med Vehuskjeringa dronning lik på høgre side. Kvar kjem mi hjelp i frå? , spør ei bibelsk salme. Der og då veit eg kvar mi hjelp kjem i frå. Eg vandrar med freidig mot vidare, og ei lita Åsmund Olavson Vinje-strofe vert som ein heil himmel lovnad.

” Eg finner vel eit hus, som vil meg hysa, når soli heim til natti vil meg lysa. ( Åsmund Olavsson Vinje)

 

(Jes. 58.6-10)

 

Sundag 26.juni 2011 Åmot- Mjonøy

Pilegrimsvandringar har handla om å gå mot heilag stader.  Det kan vere Nidaros, Santiago de Compostela , Rødal for pilegrimar eller  Santiago  Beranbeu for ein elskar av spansk fotball eller kanskje Graceland for alle Elvis- fan. For alle som er glad i bøkene til Halldis og Tarjei Vesaas fins Midtbø i Særensgrend.  Eg minnest eit år pilegrimane fekk koma  inn  i diktarheimen. Praten  stilna. Med stor vørnad steig me over dørstokken.  Stod stille i takksemd for alt diktarparet hadde gjeve gjennom litteraturen. Tru om dei ana kor viktige dei har vore for mange menneske?

 

Under krigen vart trua viktig for Halldis M. Vesaas . Så kjente ho at dette måtte stadefestas med nattverd. Men ho våga seg ikkje fram. Vikarpresten skreiv då i eit brev til henne og gav henne ei oppgåve; Besøk ein arming i Bøgrend. Klokt trur eg. Trua blir fest gjennom diakonien, dei gode handlingar. I handlinga som i nattverden er det Kristus me møter. I dei fengsla, tørst, svolten, sjuke, framande og  einsame er Kristus.  Når såg me deg slik , spør dei rettferdige. Korleis det gjekk med dei som opplevde gode handlingar seier ikkje Matteus-likninga om domen nokon ting om. Men dei som gjorde godt fekk høyrde det: Det de gjorde mot desse mine minste …

 

 (Luk 16,19-31)

 

Måndag 27. Juni 2011 Mjonøy – Edland

 

Ei pilegrimsvandring er ein enkel øving. Ein treng mat og gode sko. Elles er ikkje det materielle så viktig. Under vandringane blir det tydeleg at det er menneske sjølv som er den verkeleg verdien i livet. Ikkje det me gjer. Yrker og titlar misser meining. Likevel gjer det godt å møte ein kollega i kyrkjebakken ved Vinje-kyrkja.Degn , står det på ei støtt . Ordet kjem frå diakon og tyder tenar. Ein dekn tok seg av mykje av lokalt kyrkearbeid. I  si tid ein viktig medhjelpar for presten.

 

Gode kollegar skal ein glede seg over. Ein anna god mann , er erkediakon Laurentius. Hans oppgåve var å halde orden på kyrkjas verdiar.  Diakonen var fanga av keisarmakta, og beden  om gje frå seg kyrkjas skattar . Laurentius gav bort alt til dei fattige. Diakonen  vart dømt til døden, men konfrontert med utdelinga til dei trengande, skal han ha peika på dei fattige og sagt at dei var kyrkjas verkelege skattar. ” Det gull som du trakter etter med så stort begjær, er bare metall og kilden til mange forbrytelser. Det sanne gull er lyset fra himmelen, som de fattige du her ser for dine øyne, fryder seg over.”

 

(Luk 12, 13-21)

 

Tysdag 28.juni 2011 Edland- Vågslid

 Den danske teologen og filosofen Løgstrup seier at me ikkje kan vera menneske utan å vere avhengig. På vandringa heng med saman. Me er ei gruppe, tenkjer kollektiv og kjenner at det er godt. Den same tenkaren hevdar at det er ein ting me ikkje kan klare oss utan. Tillit. Tillit er ein viktig menneskeleg byggestein. Tillit til andre og seg sjølv.

 

I ”Fuglane” av Tarjei Vesaas følgjer me Mattis sin veg gjennom livet. Han er vel av dei Bibelen vil  kalle ”fattige i seg sjølv”. Mattis oppdagar eit rugdetrekk over huset.  Dei kjem med god meldingar til han. I fugleskrift les at han viktige ord.

 

” Mattis bøygde seg og las det som stod. Såg på dei lette dansande spora. Så lett og fin er fuglen, tenkte han. Så lett går fuglen min i myran, når han er trøytt av himmelen. Du er du, stod der. Det var òg ei helsing å få.” .”

 

(Rom 12, 9-21)

Onsdag 29.juni 2011 Vågsli- Ulvåa

Det fins mange avgjerande og viktige augneblikk mellom fødsel og død. Mange kan tidfeste nøyaktig tid for si kristne omvending. Andre tviheld på at det skjedde i dåpen.  Eg teiknar meg med krossmerket  og er takksam for at nokon – i stor  kjærleik – ein gong bar meg til dåpen. Om eg sjølv ikkje har noko omvending å syne til, er eg glad for andres.  Bob Dylan i 1979 gav og plata ” Slow Train Coming”, og det vart opprør i popverda. Kanskje starta det då einkvan kasta eit sølvkross opp på scena under ein konsert. Dylan plukka det opp, og ein gong han var langt ned fann han det att i lomma si, og tok det som eit teikn om ein ny kurs, og song ut: 

They ask me how I feel And if my love is real And how I know I'll make it through. And they, they look at me and frown, They'd like to drive me from this town, They don't want me around'Cause I believe in you. They show me to the door, They say don't come back no more'Cause I don't be like they'd like me to, And I walk out on my own A thousand miles from home But I don't feel alone 'Cause I believe in you

Og ein heller utrygg, nittenåring, kunne seie at han trudde som Bob. Det var stort.

 

(Apg. 4, 32-37)

 

Torsdag 30.juni 2011 Ulevå - Svandalsflona

 

Her oppe i fjellheimen er som Gud kjem nær på ein spesiell måte. Som om det berre er ei ”tynne” hinne mellom oss og Gud. Det er strålande å gå lang Ulveåvatnet.  Fint  å følgje dei svakt stigane vegane opp mot Dyrskar. Som godt kan tenkast å ikkje handle om “dyr”, men heller om “ dør”. Det likar eg.  Dyrskar som den stor døra mot Vestlandet. Folk på pilegrimsvegen vert gode vener for nokre dagar. Kameratar på vegen. Eg veit mest ikkje noko betre bilde på slike venskap, enn glade og lyslugga Emil og drengen Alfred. ” Du og eg, Alfred. Ja, du og eg. Emil.” Meir trengs ikkje seiast. Emil er forresten kan eit av dei sterkast utrykk for solidaritet og diakoni. Emil oppdaga  at styrarinna på gamleheimen held unna julemat til seg sjølv, så han tek dei gamle heim til seg og trakterar. I glede over endeleg å kunne ete seg mett, bryt fattigmannen i lovsong: Berre sæle og lys heile vegen, seie Gale – Jocke.  Emil kom ikkje med smular , men raus og god, dreiv han og bygd ei meir rettferdig verd. Det handlar om å ta Gud ned på jorda.

 

 

( 1 Sam 2, 1-8)

 

Fredag 1.juli 2011 Svandalsflona- Røldal

POSTLUDIUM

Vart du frisk ved krusifikset, vart eg spurt etter ei pilegrimsvandring til Røldal. Mumla vel eitt er anna svar om at vandringa hadde gjort meg godt. Og ofte har krusifikset minna meg om ein gamal Kristus-figur i St. Martin-katedralen i  Guatemala. Eg var med på ein studietur med Kirkens Nødhjelp til landet. Kyrkja i byen var under restaurering etter å ha blitt skadd i den 36-år lange borgarkrigen. (1960-96) Det var ein særs stygg borgarkrig. Motstandarar av regimet var lempa  opp i store nett, lyft opp av helikopter og sleppte ned i varme vulkanar .

Menneske vart torturet og lemlesta som  Kristus-figuren i St. Martin katedralen . Kyrkja var øydelagt under krigen, og Kristus vart  kulemerkt på brystet,  og armane var hogne av. Ein hjelpelaus og lidande Kristus?  Framom krusifikset i Røldal  kan eg legge frå meg alle bører. Samstundes som eg får ei utfordring.

Mi oppgåve no er å vera Jesu  øydelagde armar.  Den gode Gud har gjort seg avhengig av oss menneske til verkeleggjere det gode i verda. Me treng ikkje skjule oss som Sakkeus i morbærtreet lengre. Jesus ropar oss ned, ber om å få ta inn hjå oss. Kanskje det høver godt med forfattaren Tomas Espedal sitt spørsmål ved starten av vandringa. ” Korleis bli større som menneske? Hans svar er: Søk det som utfordrar, det som er vanskeleg. Det skal eg tenke på når trua er som vanskelegaste å forstå. Då kan ein bli større som menneske.

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no