Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
STOFF TIL KYRKJELYDSBLADA 1/08

STOFF TIL KYRKJELYDSBLADA 1/08 (21.01.08)Her finn ein diakonalt småstoff til kyrjelydsbladas påskenummer.

 

 1.PÅ NETT

 

Eg likar godt å vera på nett med folk. Godt når kommuniksjonen er god og nær.Godt å kjenne seg forstått både den eine og andre vegen.

 

Diakoni er å skape nett å vera på. Plassar der Guds omsorg for oss kan bli verkeleggjort.I kyrkje og på gudstenester, i bøn og nattverd kan me få kjensla av å vera på nett med Gud.

 

Eg trur Gud vil ha oss på nett. Kross og soning vert trådlause nettverk til å logge seg på. Passord og ip-adresse tør vera kjent. Supporttelefonen kostar ingenting, og er berre nokre bøner unna.

 

Mange typar nett fins. Guds nett, men og dette som byrjar med tre www. Her har diakonien i Vest-Telemark leigd seg inn i eit lite hjørne www.prostidiakon.no

 

Her finn ein stoff om styre og stell innan diakonien. Nyttige lenkjer, bakgrunnstoff og historikk, kontaktadresser og oversyn over diakoniplanar og diakoniutval.

 

 

Eilev Erikstein

www.prostidiakon.no

 

2.GODT Å TENKJE PÅ

 

I tre år har eg vore med på organiserte pilegrimsvandringar frå Seljord til Røldal. Var skeptisk i starten til om ei slik vandring ville passe meg. Men no har eg alt byrja å glede meg til nye vandringar gjennom Vest-Telemark. Gleder mykje over alle  som møter pilegrimane med gode nevahelsingar og smilande andlet. I fjor gjekk førti menneske med på den organiserte turen.

 

Ellers nokre observasjonar eg har gjort under vandringane.

 

  1. Verdfulle møte mellom pilegrimane og lokale aktørar dvs. kjentmenn og sokneråd. Godt med pilegrimsmessene i kyrkjene.
  2. Verdfulle møte mellom pilegrimane og lokal kultur dvs. natur/historie og kyrkjebygga.
  3. Verdfullt at vandringa vert halde til sjølvkost. Det gjev ein verkeleg smak på den diakonale måten å bli tekne imot under vandringa.
  4. Verdefullt at Tokke-sida er kome med start og pilegrimsmesse i Eidsborg-stavkyrkje.
  5. Verdfullt at dei lokale kan oppleve at det dei har å gje, koma med er og noko å vera stolte av.
  6. Verdfulle samtaler kring åndelege og eksistensielle spørsmål. Solidaritet mellom folka veks undervegs. Band vert knytt mellom deltakarane.
  7. Verdfullt å sjå korleis einskilde strekker grensene og fortel at dei veks på den fysiske utfordringa vandringa er.
  8. Verdfullt samarbeid mellom dei ulike aktørane bak vandringa, og at mykje er bygd på det friviljuge. Museet, historielaga og kyrkja. Viktig å utvikle samarbeidet over Haukelifjell, mellom Vest-Telemark og kyrkja i Røldal. Vandringa har òg eit viktig ekumenisk innslag gjennom møte med Den Nordisk Katolske Kyrkja i Brunkeberg.

Ein liten konklusjon : Ei slik langvandring over ni dagar synest å gjeva turen og mennneska ei god ro

 

Det er planlagt ei nye vandring frå 26.juni 2008 med start i Seljord kyrkje. Vandringa endar i Røldal ni dagar etter. Interssert ? Ta kontakt med Una Høydal ved Vest-Telemark Musum.e-post: ugh@vest-telemark.museum.no

 Eilev Erikstein

 

 

 

3.ÅRSRAPPORTEN FRÅ PROSTIDIAKONEN I VEST -TELEMARK FOR 2007

 

Prostidiakon Eilev Erikstein har gjort opp status for arbeidsåret 2007. Rapporten fortel om diakoniarbeidet i Vinje, Tokke, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal.

Husbesøk og samtaler er viktige ting i diakonien. Sist år er det gjennom ført over fem hundre og førti samtaler.Rapporten fortel om eit vidtfemnade arbeid frå fengsel til pilegrimsvandringer. Rapporten er å finne på www.prostidiakon.no

4.Møte med Kristus

 

For nokre år sida var eg med på ein studietur til Guatemala med Kirkens Nødhjelp. Guatemala var i mange år mara av borgarkrig. men dei siste 12 åra har det vore meir eller mindre frad. Her gjorde mellom anna Petter Skauen frå Kirkens Nødhjelp og det norske UD ein grulleggande innsats for fred.

 

Under besøket møtte me Syster Debbi i PROJECTO VIDA i Coatepeque nord i Guatemala. Debbi er skoskt, men har hatt mange år i Sør-Amerika. Syster Debbi leier ein klinikk for aidsførebygging og -behandling i regi av den katolske kyrkja. Arbeidet er støtta av Kirkens Nødhjelp. Ho fortel om utviklinga av aids mellom Guatemals fattigaste.

 

Tala er aukande og dystre. Kvar einaste dag kjem nye menneske til klinikken for hiv-testing. Den katolske nonna er lei seg for at heller ikkje den nye paven tillet bruk av kondom. Så blir ho spurt om kva all nauden gjer med trua hennar. Ord som bør attgjevast på sterkt skotsk. Men som handlar om å ha møtte Jesus i andletet til dei aidssjuke.

 

"Med så mykje vondt og trist rundt meg, hadde eg ikkje kunne klart det om eg ikkje hadde hatt trua. ” I have had an encounter with Christ in the face of the AIDS-infected. I get angry because it could have been prevented.”

 

 

 5.

EI TILSTÅING

Det er mangt i livet eg ikkje heilt tør vedkjenne meg. Mykje eg ikkje er vidare stolt over. Ei liste over mine synder og svik kunne bli lang. Men heller lite spennande. Kristoffer Schau på TV2 ligg lang, langt framom med sine spektakulære dødssynder. Men min matrialisme og vårt overforbruk plagar meg. Bibelboka er heller ikkje nådig mot oss rike. Det blir klart for meg, når eg gong på gong stikk meg i auga i freistinga på å kome gjennom nålauga! Alt no gruar eg meg til barnebarn som spør: Kva gjorde du for å berge verda, bestefar?

 

Men eitt veit eg. Det gjer godt å tilstå. Den katolske kyrkja har sin velsigna skriftestol. Denne stolen har nok skapt nokre nevrosar, men helst berga folk ut av dei. Sikkert fint å site med ein pater å få hol på verkjebyllane. Det er godt kunne vera ærleg. Det kjenner ein best etterpå. Så eg let det stå til, og nyttar dette høvet til ei lita tilståing. Det som om eg kjenner ei lett rødming når eg skriv. Vil ikkje alle no sjå kor keisam eg er? Å, jasså. Er han er ein av desse? Mot alle rådande trendar tilstår eg at eg likar å gå til gudsteneste.

 

Eg er ein notorisk kyrkjegjengar. Eg tilstår at eg glad i å gå til gudsteneste. At det heile gjev meg noko. Enno har eg god nok rygg til ein time på benken, og det gjer meg godt å koma inn i kyrkjerommet. Jamt kjenner eg meg velkomen. Kjenner at eg har ein plass her. Nevahelsar med somme, og får ein og anna opplysning hjå andre. Trur vel òg eg vert sakna om eg ikkje kjem. Det gjer meg godt å vera med på liturgien, høyre teksten og synge salmane. Trua mi treng det store kollektivet som gudstenestene er. Kyrkja er verdensvid, og det er ikkje berre makt og politikk som har spreidd henne utover. Gud har rørt ved menneske som i tru, har gått ut i all verda.

 

Kvar einaste sundag salmast menneske i kvar ein krok av verda til messer. Somme på Møsstrond, eller på Felle, Mo eller Øyfjell. Langt fleire på Petersplassen i Roma eller Nidarosdomen. Men felleskapet fins likevel om berre to eller tre er samla. Messene gjev meg noko for kropp og sjel. Her er naudsyn syndsvedkjenning, og ikkje minst viktig: tilgjeving og oppreising. Best likar eg når det er servering å få. Brød og vin midt på blanke føremiddagen. Det hender eg kjenner meg lett berusa etter eit kyrkjebesøk. Fordi alt var så fint og godt, og eg fekk møte både Gud og menneske, og fekk legge av meg det som tyngde. Og fekk med ei heil velsigning ut av kyrkja.

 

Eilev Erikstein

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no