Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
I HUNDRE

I HUNDRE ( 26.2.11) Han leite alltid etter gode høve til å feire noko, diakon Gotfred Rekkebo. Under den fyrste laurdagen av ski VM- fann " Landsgruppa for norske prostidiakonar" ut at det var på tide å å markere at Rekkebo ville ha fylt 100 år laurdag 26.februar.

 

 

I høve dagen vart han minna med eit vandringseminar i regi av ”Landsgruppa for norske prostidiakonar” i Oslo. vandringa starta på Oslo S. før deltakarane ( Per Emanuelsen og Eilev Erikstein ) tok trikk til Majorstua. Under trikketuren snakka me om " Dei probelematiske sidene ved Gotfred. Under opphaldet på jarnbanestasjonen vart det og tid til eit lite, men veldig triveleg kortmøte med kyrkjerådsleiar Svein Arne Lindø. På Majorstua var det elles fullt kaos som følge av Ski-VM og liten kapasitet på til Holmenkollen.

 

Pilegrimsvandringa heldt fram mot Diakonhjemmet. Her leste prostidiakon i Otredal Per Emanuelsen frå Gotfred Rekkebos Korea-brev og heldt eit gamalt Rekkebo-føredrag om Kva diakoni er ?

 

Trønderen Rekkebo hadde ei brei diakonrøynsle: Kina, Korea, Generalsekretær i Diakonforbundet før han dei siste tjue åra var engasjert i opprettinga av landet fyrste prostidiakonat i Vest-Telemark. Hovudpørsmålet for dagen var : Har me noko å lære av Rekkebo?

 

Dagen vart avslutta på kafe Juristen i det gamle avhaldshotellet Stefan, i si tid eig  av Diakonhjemmet, med eit stutt evalureing av ein dag i takksemd over å ha kjent diakon Gotfred Rekkebo.

 

Bildetekst: Det vart tid til eit improvisert møte med Kyrkjerådsleiar Svein Arne Lindø. Prostidiakon i Otredal Per Emanuelsen til høgre.

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no