SYNDEBUKKEN
( 11.12.10) Den ellevte dagen i desember.
Denne teksta minner meg om det norske folkeeventyret om dei tre bukkane Bruse. Dei som skulle til seters for å gjera seg feit. ” Det kjem ein som er sterkare enn eg, sa den gode døyparen Johannes, då folk meinte at han var Messias. ” Eg er ikkje eingong verdig til å løyse sandalreima hans. Han skal døype dykk med Heilage Ande og eld. ” Kven som er det store trollet er ikkje lett å avgjere, men Herodes kasta Johannes i fengsel. Akkurat det gjorde at hovudet hans hamna på fat.
Johannes fekk ikkje lurt seg unna, ingen bukk dukka opp for å berge han. Men etter kvart blei det , som det var sagt, Jesus som blei syndebukken. Han tok på seg alle synder og bar dei bort. Både ein og to gonger.
|