Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
DEN MERKELEGE MANNEN

DEN MERKELEGE MANNEN ( 9.12.10) Den niande dagen i desember.

 

 

Johannes Døyparen får fram bilder i hovudet. Ein villmann i kamelhårskappe. Kan hende likna han på Den merkelege mannen. Eit tidlege tv-minne frå 1970-talet som gjorde sterkt inntrykk på meg. Av ein eller annan grunn forvilla denne middelalder mannen seg – gjennom tid og rom-  inn den moderne tid. Han var langt føre si tid. Det førte med seg mange forviklingar.

 

I dagens tekst er læresveinane til  Johhannes Døyparen også forvirra. Men han som kom for å rydde veg, ryddar opp i kaoset. Han kjenner si gjerning og er fornøgd med ho:” Den som har brura , han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet brudgommen. Slik glede har eg no fått og det i fullt mål. Han skal veksa eg, skal minka.

Sterke ord og som dikt ikkje heilt til å skjøna.

 

 

I diktet ”Lykkelege hender” skriv Halldis Moren Vesaas ( 1907-1995)

 

Og kvelden kjem til dei

Med nye gåver

Klede, vatn

Puter å glatte

Eit barns fine hud og mjuke hår

Å røre varleg

Eit elska andlet

Med trøytte drag

 

 

Johannes, 3,22-30

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no