Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
AV DESSE FOLKA

AV DESSE FOLKA ( 6.12.10) Bak dagens luka handler det om å halde ut.

 

I somme miljø er det viktig å ha den rette stamtavla. ” Jaså , du er av dei folka, seier nokon med kjennarmine. Då handlar det helst at ein ættar frå Myllarguten, Sterke –Nils eller annan kjent folk.

 

Å vera av rett slekt kan gjeva frimot. Å vera av Guds folk må vera det største.  I dagens tekst – frå Hebrearane  heiter det:” Kast ikkje bort frimodet dykkar! Det gjev stor løn. Det treng tolmod, så de kan gjera Guds vilje og vinna det som er lova.”

 

Så treng ein alt av frimot og tru ein kan bære med seg. Men det er jamt uklart for meg om det er eg som bær trua eller ho som bær meg?

 

I tider med sviktande frimot, trøystar eg meg med historia om den lame mannen som dei firte ned framom Jesus. Då var det den kollektive trua som var viktig. Då han såg trua deira….

 

(Hebr. 10, 35-39)

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no