Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
ALLTID BUDD

ALLTID BUDD (Fredag 3.desember 2010) Det er klart for luke nummer tre.

 

Eg kan opent vedkjenne meg mine meir feminine sider. Men å gå i kjole er ikkje ei av dei. Eg slitt rett og slett med å få ein verdig og god gange i albaen. Albaen er den kvite kjolen som vert nytta under kyrkjelege handlinga.

 

Har ein tråkka seg fast inne i albanen, veit ein meir om kva dagens tekst handlar om. Ikkje minst kan ein skjøne kor viktig beltet er. Beltet treng ein til å løfte opp drakta, slik at ein kan røre seg i ho.

 

Men mest handlar det vel om å vera budd. Budd slik at ein kan ta godt i mot den ventande Herren. I desse dagar ventar me han som eit lite barn. Men barnet veks til, vert mann og bed oss halde oss vakne, spenne beltet om livet og lat lampa brenna. Og som ein god speidar alltid vera budd.

 

( Lukas 12, 35-40)

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no