Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
SPALTEJUBILEUM

SPALTEJUBILEUM ( 10.03.10) I desse dagar er det 25 år sidan Diakonispalta i Vest-Telemark Blad dukka opp. Diakonien i Vest-Telemark hadde ikkje vore den same utan denne spalta. Det er det grunn til å feire!

 

 

Fjorten mars 1985 dukka spalta ”Diakoni i Vest-Telemark” opp i Vest-Telemark Blad. Gjennom desse 25 åra har lengde og utforming endra seg noko. I mange år var det strekteikning av ei kyrkje som bøygde seg ned i omsorg for folk, no er det altartavla frå Grunge kyrkje: Harald Kihle sitt bilde av Jesus som lyser velsigninga over folke.

 

Gjennom desse åra vert det omlag åtte hundre spalter. Omregna til ord til ord vert det vel 200 000. Så får ein vone at nokon av desse orda har gjeve ny innsikt eller bygd litt von.

 

Diakonispalta kom til i eit samarbeid mellom prostidiakon Per Emanuelsen og redaktør Tore Skaug. Seinare er både redaktørar, bladfykar og anna godtfolk i Prestegarshavni i Kviteseid skifta ut. Men framleis er dei som arbeider i Veslebladet greie og kontakte, koselege og treffe og flinke til å formidle det som skjer i Vestfylket.

 

I dag er det grunn til å takk for at me har Vest-Telemark Blad til å skape engasjement og bygge fellesskap her i Vest-Telemark.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no