Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
LOV Å VERA NÆR

LOV Å VERA NÆR DIakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 30.12.09

 

 

Eg har sett det ofte. No sist i Rauland. Verda stoppar opp. Nokon er blitt borte. Så gjerne ein skulle sett at slikt ikkje hende. Det meiningslause som berre er meiningslaust. Men det følgde ingen garanti med fødselsattesten.

 

Så mangt fins i sorga. Fortviling og sinne. Spørsmål utan klare svar. Uro og angst. Men òg varme handtrykk, klemmar og tårer. Bygder og menneske som bryr seg. Friviljuge som strøymer til. Røde Kors og politi, godt organisert, med bankande hjarter under uniforma.

 

Andre kjem med blomar. Gjerne utan ord. Med trøyst som ligg bortom det orda. Men stort er det at folk er der  med seg sjølve.

 

Så tydeleg i slike dagar; at me alle er viktige. Det blir tomrom etter kva og ein av oss. Tydelegast for dei næraste. Men når ulukka råkar bygdene, får me alle lov å vere nære. Vera nær, høyrest ut som eit godt nyttårsønske det.

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no