Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
EG ER KLAR!

EG ER KLAR! Diakonispalta frå Vest-Telemark Blad 10.01.08

 

EG ER KLAR! 

 

 

 

Jorda har feber om dagen. Ho frys og sveittar om kvarandre. Vêr og klima er i ulage. Hjå oss vert det varmare og våtare. Andre delar av verda opplever øydeleggande tørke. FN sine klimaekspertar er ikkje lenger i tvil om at endringane er menneskeskapte. Naturen slår tilbake. Jorda tåler ikkje lengre vårt forbruk. Heller ikkje mennesket tåler for gode dagar. Det gjer

 

Me har framleis høve til å snu, seier ekspertane. Men det må skje nå. CO2 utsleppa må ned. Ein må finne nye, bêrekraftige løysingar. Men teknologien kan ikkje berge heile situasjonen. Det vil måtte koste den norske stat, og kvar og ein av oss noko å bli meir miljøvenleg.

 

Men dei norske CO 2 utsleppa aukar. 2008 vil bli vårt verste år. Eg får ein vond smak i munnen. Kvotehandle og rengskogmilliardar, er greit. Men er det ikkje på tide at me sjølve tek noko av kostnadane.

 

Eg er klar til redusere mitt forbruk, til å leve meir miljøvenleg, men regjering og politikarar

må hjelpe meg. Men alt no gruar eg til barnebarn som vil spørje : Kva gjorde du for å berge verda, bestefaar?

 

Eilev Erikstein

eilever@online.no

 

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no