Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
VART DU BETRE ?

VART DU BETRE ? Diakonispalta i Vest Telemark Blad torsdag 28 august 2009

 

 

Eg har mange gleder i diakonarbeidet. Ikkje minst det å få vandre som pilegrim til Røldal. Denne veka er ein ny gjeng på veg over. Dei siste par åra har diakoni og psykiatri i Vest-Telemark hatt eit spennande samarbeid om ei haustvandring.

 

- Vart du betre , vart eg spurt vel heimkomen frå ei pilegrimsvandring.  Vel hadde eg kjent sveitten på kroppen. I dei tyngste liene, rann det frisk frå panna. Men frå krusifikset i den gamle Røldals kyrkja frå 1200, datt det ikkje ein dråpe.

 

Likevel kjente eg meg betre etter vandringa. Beina var kvikke. Hovudet blåst for stress. Minnest terapeuten som fortalte at hans mål for alle samtaler, var at folk skulle gå ut frå kontoret hans med litt meir håp. Litt meir håp. Det er det eg får av over Haukelifjell.

 

Gå ut med trøyst, skap fred og be

At himlens rettferd følgjer deg

Da skal det store under skje

Der frosten bit, der svolten gneg                                                              

Da ser du han, i natt og vind

Di hand gir ut det liv han gav

Hans andlet skin, hans veg blir din

Når barnegråten stilnar av

(Edvard Hoem)

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no