BRUNKEBERG MED NY DIAKONIPLAN
( 18.08.09) I februar vart det halde diakoniplankurs i Vest-Telemark. No strøymer det inn med diakoniplanar. På siste møte før sommareferien vedtok Brunkeberg sokneråd sin plan. DIAKONIPLAN FOR BRUNKEBERG SOKN, 2009.
1. Gullkonfirmantfest i september, kvart 2.år.
Ansvarleg: Soknepresten og soknerådet
2. Temakveldar i samarbeid med t.d. Kviteseid sokneråd,
Bygdekvinnelaget el andre.
Tema som sorgarbeid o.l.
Ansvarleg: Soknepresten og prostidiakon
3. Kyrkjeskyss.
Soknerådet gjer avtale med sjåførar som soknar til grendelaga som høyrer til Brunkeberg sokn.
Kyrkjeskyss for 2009 er:
Brunkeberg/Ordal: Berit Friestad, tlf 35 05 47 87
Åsgrend: Kjetil Torsdalen, tlf 35 05 47 56
Morgedal: Bodil Hauge, tlf 35 05 41 42
4. Fasteaksjonen kvar vår.
Inntekta går til Kirkens Nødhjelp.
Ansvarleg: Soknepresten, soknerådet og konfirmantane
5. Helgemesse-sundag.
Brev til pårørande i soknet med invitasjon til messe med kyrkjekaffe.
Samarbeid med Kviteseid og Vrådal.
Ansvarleg: Soknepresten og Kviteseid diakoniutval
6. Samtalegrupper for pårørande etter Helgemesse-samlinga.
Ansvarleg: Soknepresten og prostidiakon
7. Tiltak for barn:
Dåpsutval oppnevnt av soknepresten og soknerådet.
Oppgåver:
Utdeling av: - bilde til 1-åringar
- CD til 2- og 3- åringar
- bøker til 4-åringar
- adventskalender til 5-åringar
- dåpsskule for 6-åringar, gjeld heile prestegjeldet
Dåpsutvalet for 2009 er:
Gudny Moen, Dalane
Anne Ragnhild Kvålseth, Ordal
Eva Lundeberg, Morgedal
Sundagskule i Morgedal.
Elevgruppe frå Kvitsund kjem opp ein kveld annankvar veke,
5- 6 gonger i halvåret.
Soknerådet hjelper til med praktiske oppgåver.
8. Besøk.
Besøkje eldre som er mykje aleine heime.
Ansvarleg: Soknepresten og soknerådet.
Diakoniplanen skal reviderast kvart år.
Revidert og vedteken på soknerådsmøte 02.06.09
Sigrid Stråndi Slettemeås, leiar
Bilde: Diakoniplankurset i Brunkeberg kyrkje februar 2009
|