Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
VERDIEN ER MENNESKET

Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 23.april 2009

 

I dag er alle som er eller kjenner seg nye i Tokke bedt med på tur til den nye fjellkyrkja på Hallbjønnsekken. Dei siste åra har Tokke kommune og kyrkja skipa til ”Ny-i-Tokke-kveldar”. Kveldane har gjeve høve til sosialt samvær, og det å bli litt kjent i kommunen. Førre gongen var det nye Kulturhuset på Dalen som var møtestad.

 

Det er lett å tenkje at det er oljen som har gjort oss rike her i landet.  Det er berre delvist sant. 80-85 % av verdiskapinga skjer gjennom hjernekraft , fortalte ein radiostemme her om dagen. Slik er det òg Tokke. Verdien er menneska, sjølv om kraftinntektene er gode å ha. Så treng me mange gode folk som kan auke rikdomen mellom oss – med alt det dei sjølve er.

 

Og den som er rik vil ha seg

eit hus som er såleis bygt

at alle som høyrer til huset

kjenner det godt og trygt

og såleis at framande gjerne

kjem innom dørene der

og aukar den rikdom som finst før

med alt det dei sjølve er

(Halldis Moren Vesaas)

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no