Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
ER FOLK ALLTID SÅ SNILLE I VEST-TELEMARK

ER FOLK ALLTID SÅ SNILLE I VEST-TELEMARK Diakonispalta i Vest-Telemaerk Blad torsdag 28.01.09

 

Eg har alt teke til å glede meg til pilegrimsvandringa til Røldal til sommaren.

Under snoen ligg vegane og ventar.

Til små og store opplevingar langs vegen vestover.

Til pilegrimsmessa og kyrkjekaffien i Seljord.

Samling ved St. Olavs kjelda i Brunkeberg.

Ein smak av det som har vore og framleis er

Utsynet frå Gjeslemoskaret.

Brød og vin i Vinje kyrkja.

Seine samtaler.

Middagen på Mjonøy.

Kyrkjelunch i Grungedal.

Tungpusten opp liene frå Edland.

Snofennane på Haukelifjell.

Vegvisarar som kjenner historia og jamt den beste vegen.

Latter og glede.

Nybrua over Nupselva.

Suppe på Dyrskarhytta.

Det fyrste syn av kyrkja i Røldal.

Gleda over å ha kome fram,.

 

Etter dagane gjennom Vest-Telemark med snille folk og velvilje heile tida, spør kanskje noko.

”Er folk alltid så snille i Vest-Telemark”

 

 

Eilev Erikstein

eilever@online.no

www.prostidiakon.no

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no