Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
OPPMUNTRINGSPAKKER TIL JOL

OPPMUNTRINGSPAKKER TIL JOL (22.12.07) Det vert bruka mykje pengar på mat i joletida, men ikkje alle synest at dei har råd til å kose seg.Heller ikkje her i Vest-Telemark.

I vårt velferdssamfunn det ikkje så reint få som slit med økonomien. Difor har  Diakonatet dei siste åra delt ut nokre oppmuntringspakke til jol. Desse matkassene er meint å vera ei jolehelsing og ei oppmuntring i føtjolstida. Som diakon er det fint å få reise rundt med dette handslaget frå kyrkja og diakoni. Me er òg takksame for sponsinga av  Coop-foretninga på Dalen ved dagleg leiar Ansgar Homme. Iår gjekk det ut fem jolekasser til ein verdi av 1000 kroner kvar. Pengane til matkassen kjem frå kyrkjeofringar til Prostidiakonatet gjennom sist år.

 

Bilete: Varer av alle slag i oppmuntringskassa.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no