Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
MANGE PÅ VERDISEMINAR

MANGE PÅ VERDISEMINAR ( 27.10.08) Verdisminaret på Vinjehuset på sjølve FN-dagen vart velukka. Førti menneske fekk høyre fagleg gode innlegg om islam og Somalia. Samstundes sterke historiar om utfordrande integrering. Seminaret var fyrste post på flyktningjubilet i Vinje.

Seminaret vart opna av Vinje-ordførar Arne Vinje. Vidare fortalte teolog og islam-ekspert Jan Opsal om dei fem grunnsøylene i Islam. Sosialantropolog Jan Hakonsen synte bilder og gav ei kort innføring i somalsk historie og kultur. Nav-arbeidar Fauzia Hashi fortalte om kvar skoen trykker i høve integrering.

Ellers reflekterte Fyresdal-Ordføraren Bjørn Nome og Tokke- ordføraren Olav Urbø om utfordringar og glede ved busetting av flyktningar. Verdiseminaret var avslutta ved at Diakonat-leiar Osc J. Garnes ovverekte ei diakonistaup til Abdi, ein viktig person og eit stor førebilete i Vinjes somalske miljø. Verdiseminaret er elles eit samarbeid mellom Diakonatet og Vinje kommune. Seminaret var halde for femte gong.

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no