Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
GOD EVALUERING

GOD EVALUERING ( 15.09.08) Sidan hausten 2007 har prostidiakonen og psykiatrien i Vest- Telemark snakka om ei pilegrimsvandring frå Vinje til Røldal. No er ho avslutta. Rapporten les ein her.

PILEGRIMSVANDRING FRÅ GRUNGE KYRKJE TIL RØLDAL 25.08-29.08.05

Utafor Grunge kyrkje samla det seg etterkvart 14 pilegrimsvandrar. Prosjektet me hadde snakka om i nesten eitt år, var endeleg klart til start. Her var brukarar frå Tokke, Nissedal, Vinje og Vi-To Kompetanse. Åtte brukarar –eller rettare vandrar og seks hjelpevandrar.

Dette er vel den sterkaste oppleving av å vera på like fot eg har hatt i jobben (Frå evalueringa)

Prosjektet som etterkvar vart kalla den "Gode Veg" hadde fem møter på førehand. Alle psykiatrileiarane i Vest- Telemark var involvera, dessutan DPS i Seljord, Vit-To på Dalen og skogsleiren i Fyresdal. Prostidiakonen i Vest- Telemark har fungert som prosjektleiar. Frå Folkehelsa i Telemark fekk me ti tusen kroner tiltiltaket. Ei støtte som gjorde at vandringa kunne gjennomførast.

Etter eit kort namnopprop og nistespising gjekk me inni i kyrkja. Eilev delte nokre vandringstankar og tente lys i lysgloben. Klokka 14.45 tok me dei fyrste stega mot målet i Røldal.

Regnet silte ned og journalisten frå Telemarksavisa tok bilete av oss oppe på E 134. Det gjekk i eit godt tempo mot Edland. Ved 16.30-tida kom me til Velemoen Camping der Vibeke Christenson tok godt imot oss, og fekk oss losjert inn i to store og to små hytter. Tre av gutane var etter kort tid ute med fiskestong. Men det vart berre eitt napp, så fiskesuppa frå Vinje Kjøkken kom godt med. Hilde Åsenes Tjønn køyrde opp til Omsorgsbustadene på Norheimstunet og fekk varma maten.

Seinare på kvelden kom eldsjela for pilegrimsvegen Ragnvald Christenson og prosjektleiar ved Vest-Telemark Museum Una Høydal innom for å fortelje oss litt om vegen me gjekk.

Under heile vandringa hadde me med oss ein buss frå Haugen Taxi i Vinje. Bussen og bilane med tok med oss langs vegen,skapte tryggleik om noko uventa skulle hende. Elles vart òg det delt ut pilegrimspass denne kvelden. Dagsetappa var på vel fem kilometer.

 

Ein lærer seg sjølv å kjenne på godt og vondt. Godt med all bakupp, som folk og bilar langs vegen. (Frå evaluering)

VANDRINGSMEDITASJON.

"Ro deg ned – gå deg ein tur", sa mamma når eg var som mest hissig i ungdomen. Det hendte det hjalp og at eg kom roligare attende. Seinare har eg skjøna at det er noko med dette å ta beina fatt. Det gjev høve til ettertanke og ny start.

Folket på vandringsvegen er ulike. Det er noko av det eg likar best. Somme går for historie og kultur langs vegen. Andre for helsa si skuld. Nokon i solidaritet med ein som såg det uråd å gå aleine. Andre for det åndelege. Eller heile pakka. Men det er den same høge himmelen me går under. Kjenner varmen frå den same sola. Eller går saman i kaldt regn. Får like vonde gnagsår, og trakkar i den same sauemøkka. Langs gamle vegar går dagane. Dagar som lagar nye stigar i sinnet. Opnar noko nytt mellom menneske på vegen.

 

Ett er nødvendig

Her i denne vår verden av husville og heimløse

Å ta bolig i seg selv

Gå inn i mørkret

Puss sotet av lampen

Slik at mennesker på vegen

Kan skimte lys i dine bebodde øyne

(Hans Børli)

 

Tysdag 26 august 2008

Tysdag var det felles frukost før me møtte dagens kjentmann Tjøstolv Kvålen. Etter planen skulle me ha gått kl.9.15. Men grunna litt logistikk-problem (ein nøkkel på vidvanke og mat sett inn i feil campinhytter) vart klokka nærare 10.30 fær me kunne byrje å gå. Kjentmann Tjøstolv leia oss i akkurat pase tempo opp gjennom Edland og opp Ålmannavegen. Ved Olavskjelda (den utørka) heldt delte Eilev ein liten vandringstanke. Det tok tungt på å gå opp liene frå Edland og på ved Botn, fekk eit par deltakar skyss til Fjellstad Camping. Vel 17.30 var alle framme i Vågslid. Her fekk damene plass inne i huset og mannfolka fann seg campinghytter i enkel standard. Somme merka godt denne vandringsdagen. Til middag var det jordeple og gode kjøtkaker. Tysdag gjekk me vel 13 kilometer.

 

Hvis eg kjem opp den fyrste bratte kneika- då kjem eg heilt fram, tenkte eg. På vandringa fekk eg kjensle av ¨å vera likeverdig.Det var ein god tanke. (Frå evaluering)

VANDRINGSMEDITASJON

Om ein har mist retninga i livet, kan det vera nyttig å finne seg eit mål og så bestemmme seg for å gå dit, seier eit gamalt ord. Mange har gått mot Røldal før oss. Somme vart helbreda og takka Gud. Men mange gjekk skuffa heim. Likevel hadde vandringa og fellesskapen langs vegen gjort dei godt. På pilegrimsvandringa er det beina som talar. Godt når orda har vorte alt for store og harddisken er full. Tankar forsvinn frå hovudet. Blir liggande att langs vegen. Så får ein sjå om ein vil henta dei ved seinare høve. Men fyrst må ein klive liene og trakka vegane.

 

Vi som lever oppi desse fjell

og fjerne skogslier

her kliv

her klagar vi og lite ser vi att

av alt strev

Men vi blir her

Vi dreg ikkje herifrå

for noko i oss prisar

desse skrinne bakkar

Vi har teke fasong etter dei

vi må ha dei å gå i

og å stø oss i mot

ellers miste vi vel retningen

ellers fekk vi vel for stor fart

ellers rulla vi bort

ellers rusa vi vel til havs

Oppi desse berg

og fjerne skogslier

her lever vi, klagar vi, syter vi

er vi verkelege

(Arvid T. Lie)

 

Onsdag 27 august 2008

Tysdag kveld drøfte me att og fram ulike alternativ for turen frå Vågslid til Ulvåa. (Vermeldinga var heller dårleg). Men det var vår gode kjentmann Ragnvald Christenson som kom med det beste alternativet: Buss til vegen opp til Havradalen. Traktorvegen opp til Ålmannavegen og den vidare til Ulvåa. Onsdag morgon kom det og to ekstra deltakar frå Tokke. Ved oppstart ved 9.30-tida var det regn og noko skodde. Men ikkje slik at me var redde for turen. Vandringstanken frå Eilev denne dagen handla ironisk nok om den bortkomne sonen. Ved 12.30 tida oppdaga me at ein deltakar var borte.( Hadde lagt att mobiltelefonen i hytta) Cecilie Berdalen sprang over halve Haukelifjell, men fann ingen. Hovuddgrupppa kom ned til Ulvåa ved 17-tida. Ved 15-tida tok med kontakt med Vinje Lensmannskontor. Dei sette i gang leiting; kontakta Haukeli og Edland Raude Kross ved Frøydis Skogheim og etterkvart kom politi og fem-seks Raude Krossarar Haukeliseter. Eit helikopter frå Hovden fann så den sakna rett før klokka 21. Han hadde handla kaldt og roleg når han skjøna han var borte, og teke inn i ei hytte. Det var ei kjempelette når han kom attende til Fjellstad. Seinare kom Raude Kross og politiet til Fjellstad for litt etterarbeid. Her var det suppe, kaffe og lapper attå. På Fjellstad var verdas beste psykiatrikompetanse samla denne kvelden: Karin Kåsa, Britt Svalastog, Astri Bye Ramberg, Hilde Åsnes Tjønn. Alt i alt var etappa på 11 kilometer.

Terapifritt. Lite sjukdomsprat. Godt å gå mot eit felles mål. Har fått sett nye, sterkare sider hjå dei andre. (Frå evaluering)

VANDRINGSMEDITASJON

Å være på vandring betyr at ein ikkje veit kva som ventar ein. Eit indonesisk ord for reise tyder " å få vaska augo." På vandringa kan ein kan risikere litt av kvart. Som: utvikle venskap, kjenne ein ny fred, få smaken på det enkle vandringslivet, få ein god latter, auka kjærleik til naturen, opne seg mot andre, bli meir tolerant og audmjuk, få gje noko godt til andre og oppleve at andre vil ein vel. I mitt hovude likar eg å tenke på at dette er den gode Guds avtrykk i verda.

Somme spør meg om ein må vera truande for å vandre pilegrim. Nei, tenker eg, kan ein ikkje heller snakke om å ver nysgjerrig på trua, ha ei lengt eller undring i seg. Og i beste fall kan kyrkja med sin songar, liturgi og sitt fellesskap tru for ein. Ei dame på eit kurs skulle forklåre kva som dreiv henne i arbeidet med med alkoholikarar: " Når folk har slutta å tru på seg sjølv, treng dei nokre som trur på dei. "

 

Stundom møter vi menneske som hentar fram det beste i oss.

Menneske som opnar for våre kjelder,

som lokkar fram våre farger

som aukar varmen i våre liv.

 

Stundom møter vi menneske som ser bak våre skal

så vi gløymer vi har dei

og glitrar fram i vår prakt.

Menneske som vi ber i oss etterpå

med takksemd

( Olav H. Hauge)

 

 

Torsdag 28 august 2008

Torsdag morgon var det berre glede over den attefunne deltakaren. Han fått fått ei vridning i kneet og måtte reise heim. Samstundes hadde ein anna deltakar nådd sine grenser og reiste heim. Me starta frå Haukelitunnelen. Her vart me møtt av Svein Gjølv frå Røldal. Starta herifrå ved 10.15 og hadde fekk verdas beste kjøttbollesuppe på hytta i Dyrskard. Her var Eilev vandringstanke noko om takksemd etter gårsdagens hending. Ein av deltakar song " Johans Bakkens song om den bortkomne sauen. Etterkvart som me nærma oss Svandalsflona vart det betre og varmare vèr. Til middag var det spekemat og ròmegraut. Tretten kilometer gjekk me denne dagen.

 

Fjellet er betre enn piller, tenkte eg midt på Haukeli. Godt å oppdage at eg kunne halde følge, og ikkje var til bry eller sinka andre. ( Frå evalueringa)

VANDRINGSMEDITASJON

Det er mangt ein kan tenkje på langs vegen. Natur og menneske går i eitt. I det eg bøyer meg ned for drikke i ein bekkeos, møter eg eit kjent andlet. Ei dame som sa ho hadde møtt veggen. Ein vegg bygd av eit hardt liv gjennom mange år. No trengte ho nokon å snakke med. På trammen etter samtala spurte eg om ho om ho såg noko dør i veggen. Då såg på meg med sine gode augo: " I dag vart du døra mi." Så fint å bli kalla dør.

 

 

Den som aldri har lege oppskrubba

i utforbakkar

aldri halta med gips rundt ankelen .

 

 

 

 

Aldri falle for smil frå lepper

aldri har stupt i trapper av rusgifter

og svimla i svermer av ukjende stjerner

har aldri kjent den umåtlege glede

ved å kunne reise seg att, falle og reise seg att

( Marie Takvam)

 

 

Fredag 29 august 2008

Me kom med kolonna gjennom Haukelitunnelen ti på ti og kunne starte frå Svandalsflona kvart over. Rett etter Olavssteinen møtte me kjentmannen frå førrdagen Svein Gjølv. Han gjekk som ein anna Johannes Døypar, og rydda vegen for oss. Godt å ha Svein med seg ned liene til Røldal. Det var tydeleg at folk byrja å kome i form og vel 15.30 nådde me målet.

Her vart me tekne imot av pilegrimsprest Arne Nataas. Han hadde ordna med pilegrimsdiplom til alle deltakarane. Etter samlinga i kyrkja, gjekk til felles middag på Skyssstasjonen.

Vel kl.17 var me i bussen på veg heim etter tretten kilometer på vegen.

VANDRINGSMEDITASJON

Pilegrimsvandringa går mot ein ende. Godt å å sjå den vesle kyrkja i Røldal. Kjenne seg velkomen. Kjenne seg heime. Dei gamle pilegrimane hadde ei oppgåve etter at dei var kom heimatt: Å gje det gode dei hadde møtt langs vegen, vidare og slik alltid vera undervegs.

Guds hjerte vet vi ikke

men vi vet

noe som oversvømmer oss

som et regn over hendene

Hans øyne ser vi ikke

men vi ser

usynlig lys over alle ting

som i sommernatten

Hans stemme hører vi ikke

men vi finner

veier overralt og spor i hjertene

og stier med lavmælte lys

( Rolf Jacobsen)

 

 

Ved vegs ende er eg enno berre ved starten av nye vandringar. Vandringar på stigar med lågmælt lys. Den gode veg.

 

Nå veit eg at 14 kilometer i nærmiljøet - vil gå greit for meg. Eg kan melde meg på turer i DNT. ( Frå evalueringa)

Dalen 12.00.08

Eilev Erikstein

Prostidiakon i Vest-Telemark

Prosjektleiar "Den Gode Veg" 2008

eilever@online.no

mobil 91113580

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no