Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
JOLEANDAKT I SKOGSLEIREN

JOLEANDAKT I SKOGSLEIREN (20.12.07) Kvart år møtest innsette,fengselsleiing og vistorar i skogsleiren i Fyresdal å høyre joleevangeliet, og ønskje kvarandre god jol.

- Jesus kom fyrst til gjetarane på Betlehemsmarka. Det er sterkt fordi dei var rekna som heilt på sida av samfunnet, sa Fyresdals nye sokneprest Olav Jakob Tveit under joleandakten i skogsleirlavoen. Inspektøren ved Arendal Fengsel Thor Brekke kalla dei årvisse joleandaktane for samlingar han alltid såg fram til. Før han takka dei innsette, tilsette og visitorane for innsatsen gjennom året. Dei tre fengselsbesøkjarene frå bygda Ragnhild Berge, Solveig Tveitå og Ellen Margrethe Garn fekk blomar og takkeord med seg. Diakoniteneste for skogsleiren vert organisert gjennom prostidiakonen og tilbyr elles samtale og kyrkjeskyss. Ein gong i månaden kjem visitorane på besøk. Kvar gong samlast mellom 15 og 20 innsette i lavoen til kakespising, prat og kaffi.

 

Bilete: Solveig K. Tveitå har vore trufast visitor i skogsleiren sidan 1986.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no