Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
GLEDA VED Å GÅ I DAMESTRØMPER

GLEDA VED Å GÅ I DAMESTRØMPER Diakonispalta i Vest Telemark Blad torsdag 10.07.08

 

 

Eg har nett kome attende frå ei ni dagarar pilegrimsvandring frå Vest-Telemark til Røldal. Meir diakonal tur er det lenge sidan eg har vore på. Her vart det bygd inkluderande felleskap med ein høg himmel over.

 

Dei fleste på vandringa var nye for kvarandre.  Men etter er blitt til vener.

 

For meg er denne vandringa den beste Vest-Telemark reklame som finst. Førti mennesker i ni dagar som får opplevde kultur, natur og kyrkjeliv  i Vest-Telemark. Ei dame frå Vestlandet, sa at gudstenesta i Vinje kyrkja gav henne kjensla av å koma heim. Slik var det mange som kjente vandringa.

 

Kvar me kom vart me godt tekne i mot. Ein campingplass eigar gav pilegrimane gratis overnatting, andre hadde stelt i stand suppe på Haukelifjell og kjentfolk tok seg fri fr på arbeid for å syne oss pilegrimsvegen.

 

Gnagsår – og dei mange teoriar om korleis ein skal unngå dei – er eit eige kapitel under alle pilegrimsvandringar. Etter mykje prøving og feiling, kan eg no vedstå meg mine tynne damestrømper. Dei har vore til velsigning for beina mine. Skulle ein trekke in konklusjon på dette, kan det vera at ein i livet og i kvart fellesskap treng det nette og grove. Skikkelege ullsokkar kombinera med noko tynt innerst, er heretter min kombinasjon i fjellskoa. Det vert meir pilegrimstoff i denne spalta framover. Neste veke startar ein serie med pilegrimsmeditasjonar frå årets vandring.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no