Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
FØREBUINGSDAG TIL VAKSENLIVET

FØREBUINGSDAG TIL VAKSENLIVET ( 13.05.08) I Nissedal er det tradisjon for at tiandeklassingane samlast på Fjone for å ha ein førbuingsdag før dei reiser ut på skular.Dagen var organisert i eit samarbeid mellom psykiatrien og Ungdomsskulen i Treungen.

Mette Nordli, psykisk helearbeidar for barn - og unge i Nissedal,leia førebuingsdagen den åttande mai.  Ungdomane var delt inni grupper, som alle skulle innom ulike instansar på sin veg mot vaksenlivet. Politiet, sosialkontor, doktor, helsesyster og diakonien var  dei ulike stasjonane. Eksistenielle spørsml som livsmot, tap og sorg, var dei diakonale tema. Veret var det aller beste, Nisser var til å spegle seg i  og det var vel og tanken med denne dagen: Eit høve for tiandklassingane til å spegle sin forventingar og draumar i møte med ein ny røyndom, hybel og nye klassar. Ein stopp i kvardagen for å reflektere og involvere seg i ei samtale om det nye livet som ventar etter ti års skulegang.

Bilde: På veg over Fjonesundet

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no