Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
INKLUDERANDE PÅ WALDENSTRØM

INKLUDERANDE PÅ WALDENSTRØM ( 7.05.08) Karbonadesmørbrøda og Napoleonskaka smaka godt då prestar og diakonar var samla til til møte på Waldenstrøm kafe i Kviteseid. Høvet var ein studiedag om den nye Diakoniplanen.

Denne våren er det den nye diakoniplanen som er studieemne i preste- og diakonfelleskapet i Vest-Telemark. Planen har fire område; Nestekjærleik, inkluderande felleskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd. No handla det om inkluderande felleskap- og Waldenstrøm Kafe, der diakonien er i veggane og Diakonipisen heng på ein av dei, syntest å vera rette staden. Kafeeigaren sjølv Inge Waldenstrøm som sluttar som kafevert fyrste juni, var verdig takka av prost Jørgensen. Ellers var det velkomst for den nye sokneprsten i Vrådal, Kilen og Fjågesund Geir Valle. Som om ikkje dette var nok delte sjukeheimsdiakon i Tokke Bjørg Abusland, soknediakon i Seljord Svanhild Rui Gustavsen, ungdomsprst i Seljord Anne Berit Sunde og skulediakon ved Kvitsund Gymnas Anne Asprusten sin tankar om inkludering.Og Napoleonskaka var høg og smak godt.

 

Bilde: Prestar og diakonar i Vest-Telemark samla på Waldenstrøm Kafe onsdag sjuande mai.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no