Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
EIT DIAKONLIV

EIT DIAKONLIV For tida er det eit ordskifte om ny tenesteordning for prestar som gjev dei hele prostiet som arbeidsområde. Innan diakonien i Vest-Telemark er dette gamalt nytt. For tredve år sidan kom diakon Gotfred Rekkebo med ideen om prostidiakonar.

 

 

 

 

Livet til Gotfred Rekkebo(1911-93) er vel verdt å sjå nærare på. Her er det truleg eit og anna og hente for diakonar i dag. Rekkebo var i mange samanhanger den inkarnerte diakon. Eller som ein student sa det etter å ha møtte Rekkebo: ” No fekk eg kjøt og blod på ein diakon.”

 

Rekkebo var verdsvid og nær på same gong. Visjonær og konkret. Med eit brennande engasjement for diakonien.  

 

Rekkebo ivra for å skriftleggjere den diakonale kvardagen. Han ville få fram den tause kompetansen diakonane sat med. Han ville ha diakonispalter i aviser og radio. Sjølv gav han Norsk Utvandrermuseet på Hamar alle dagbøkene sine, artiklar, foto og manuskript av ulike slag. Slik kunne ein i det minste ta vare på noko diakonal tenkning for ettertida. Samlinga utgjer grunnlaget for museet si misjonærsamling.

 

Gotfred Rekkebo sin veg til å bli diakon var lang og kronglute. Fødd i Trondheim av ugifte foreldre. Oppvaksen i fosterheim i Buvika. For det meste sjølvlært i det boklege. Det heldt hardt å kome inn på Det Norske Diakonhjem i dei dagar. Fyrst på fjerde forsøk vart han elev.. Sjølv hadde han tankar om det handla om bakgrunnen hans som ”lausunge.” Denne bakgrunnen prega òg diakonisynet:

 

”Min samvittighet kunne ikke godta all den sosiale urettferdighet som preget samfunnet. Derfor følte jeg meg kallet til dette yrket.”(Menighetsbladet for Skaun, Børsa og Buvika 1983)

 

Ei grunngjeving for diakonien som ikkje er blitt mindre viktig. Det Norske Diakonhjem blei ein god heim for Rekkebo på 1930-talet. Ein heim som rusta han godt til teneste i Kina, Korea og her heime. Mange innan kyrkja fekk sterke inntrykk frå Rekkebo. For sommme vart hans særdrag for sterke, medan andre såg vidare. Biskop Birkeli skreiv slik i ei bok om sjelesorg:

 

”Det er en merkelig mann som rusler omkring nede i Telemark nå etter et langt liv. Han er pensjonist han som mange av oss andre. Han heter Rekkebo og er diakon. Han begynte som misjonær i Kina og var der inntil han ble kastet ut av landet av kommunistene. Så kom han hjem og startet her hjemme organisatorisk det som burde gjøres, det som burde ha vært gjort for lenge siden her hjemme på diakonifronten. Men han orket ikke å tenke på at han skulle sitte som adminstrator her i Norge når han visste hva som foregikk i Østen. Da det ble krig i Korea, meldte han seg til det norske feltlassarettet som dro bort dit og skulle forsøke å hjelpe menneskene i krig, i Korea. Og etterpå var han hjemme en stund, men det var ikke nok for ham, han måtte tilbake til Korea. Der har han hjulpet mangfoldige tuberkuløse barn. Han har hjulpet mangfoldige sjeler som har hatt bruk for dette sjelesørggeriske sinn som er så varmt og så varig og så kjærlig. Noe av det han la merke til der ute, var at den Lutherske kirke vokste seg ganske stor og sterk, men den hadde ikke diakoni, ikke den sjelesørgeriske tjenesten på plass. Så ba han om lov til å organisere en slik der. De ble begeistret og slapp ham til, og han tok fatt”. (Birkeli m. fl.:Omsorg for hverandre 1975)

Før han reiste attende til Austen var han den fyrste seketæren i Det Norske Diakon-forbundet.Ved sidan av utvikling av kyrkjelydsdiakonien var han mest oppteken av å få det som hadde hamna på ” feil side” under krigen inn att i Forbundet. Seinare arbeidde han også halvanna år i ein leir for landsvikdømte. Den vanskelegaste oppgåva han hadde hatt i livet, sa han seinare.

 

Gjennom sine mange år i Sør-Korea på femti- og sekstitalet fekk han høve til å prøve ut sine tankar om diakoni- og sosialarbeid. I mange år var han òg rådgjevar for den sør-koreanske regjeringa i sosiale spørsmål, og medverka til at landet vart oppteken i Verdas Helse-organisajon.  Ellers heldt han fram kor viktig det var at misjonen skjøna på dei lokale tilhøva. Folk var som vanleg viktigare enn institusjonar.

 

«En sosialarbeider eller kall ham diakon, kunne menigheten kanskje klare å overta selv etter et par år. Men et millionbygg ville kirken vanskelig greie, og så hadde en av vestens kirker enda engang bebyrdet en ung kirke med et prosjekt som ble hengende å dingle i løse lufta.”

(Rødde-helsing 1972)

 

For sin innsats i Korea fekk han og kona Rannei  St.Olav av Fyrste klasse. Det er det ikkje mange ektepar som har fått- og heller ikkje mange diakonar. Han vart helst litt brydd over slike påskjøningar. Men han var aldri sein om å peike på at diakonien vert utvikla i fellesskap. Ofte peika han på kona Rannei si og sa: ” Utan henne hadde det vore smått stell:” Ho arbeidde i alle år som sjukepleiar, men i passet stod det aldri anna yrke enn husmor.

 

Mot slutten av livet takka Rekkebo for tre ting. ”At eg lærde å lese. At eg lærde den fyrste dagen eg tok til med diakonutdanninga « Den som vil lære å byde, må først lære å lyde.» At FN vart skipa. Då det vart kjent for meg at FN var skipa var det som eit lys sprang med ein blafrande loge inni meg ein stad. Eit lite lys. Eit lite håp om å sjå att ei verd menneske kunne leve i. Lange dagar i fangenskap hadde reist med det siste håpet om det.” ( Årbok for Agder 1978)

 

FN var verdas viktigaste organisjon. Etter at han busette seg i Treungen i Vest-Telemark fekk han sett opp to flaggstenger. Slik at FN-flagget alltid kunne vaie saman med det norske. Bygdefolk humra nok litt over Rekkebo sin flagg bruk. Og kvar gong det var diakonale gudstenester i kyrkja hengte han eit opp svært maltesarkrossflagg. Folk sa då at Rekkebo hadde hengt opp sjørøvarflagget sitt.  

 

Om ikkje anna kan flagget minne oss om å jakte på dei tause skattar som tidlegare diakonar har grove ned.

 

 

Eilev Erikstein  

 

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no