Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
TAKK TIL VEST-TELEMARK RÅDET

TAKK TIL VEST-TELEMARK RÅDET ( 15.04.08)Diakonatet har det siste året jobba for å få til eit samarbeid innan ruspolitikken i Vest-Telemark.Årsmøtet vedtok å sende denne uttala til Vest-Telemark Rådet som ein takk for måten dei har teke saka.

Årsmøtet i Prostidiakonatet i Vest-Telemark, samla i Fyresdal sundag 6. april 2008 er samde om å rette ein takk til Vest-Telemark-rådet.
Årsmøtet takkar for måten rådet har teke imot utfordringa om å arbeide med edruskapspolitiske spørsmål på tvers av kommunegrensene i Vest-Telemark.

Sidan diakonatet vende seg til rådet etter verdiseminaret om edruksapsrelaterte  spørsmål, retta både individet og samfunnet sitt ansvar,
har Vest-Telemark-rådet teke hansken og m.a. nedsett eit utval som har kome med fornuftige tilrådingar.

Vårt inntrykk er og at kommunane, kvar for seg, har vist vilje til å ta dette opp i sine lokale organ.

Vi veit nok til å slå fast at alkoholbruk, tilgjenge og misbruk heng nøye saman.
Likt regelverk, kontrollar og konsekvent politikk når regelverket vert brote, er noko Vest-Telemark-rådet og kommunane kan bidra med.

Vi ser sjølvsagt at det er mange omsyn som skal takast, men vil likevel oppmuntre til å halde fram med arbeidet.
Alkoholpolitiske tiltak må vurderast utifrå det ansvaret rådet og dei ansvarlege i kvar kommune har for å gjere Vest Telemark til ein betre stad å leva – for alle.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no