Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
FRÅ DRAUMEN TIL DET VERKELEGE

FRÅ DRAUMEN TIL DET VERKELEGE Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 15.02.08

I desse dagar byrjar kyrkjelydar og konfirmantar å førbu seg på Fasteaksjonen. Tysdag 11.mars er målet at alle i Vest-Telemark skal få høve til å støtte Kirkens Nødhjelp. 40 000 bøsseberar vil vera i sving under aksjonen. Over 200 i Vest-Telemark. Fasteaksjonen er Norges største dør-til-dør-innsamling ved sida av TV-aksjonen.

Aksjonen i år har som spesielt fokus alle draumar som vert knust av krig og terror. Målet er å hjelpe flest mogelg av barn og unge som veks opp i skuggen av krig og terror. Laurdagen før aksjonen samlast dei fleste av Vest-Telemark konfirmantane i Vinjehuset til ein siste informasjonsamling. Elles kjem prest og føredragshaldar Per Anders Nordengen til Seljord om fjorten dagar på ei open samling om Kirkens Nødhjelp sitt viktige arbeid.

Nyttar kan ein spørje? Biskop og fredsprisvinnar Desmond Tutu fortalte på fjernsynet ein kveld om ” capture by hope”. Der er vel der draumen om endring byrjar. Eg likar det. Eg let meg gjerne fengsle av håpet.

 

Eilev Erikstein

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no